Kjell Gjerseth føreles om systemteori


Onsdag 4. oktober og torsdag 5. oktober kan du få med deg til saman seks timer systemteori med den profilerte journalisten og forfattaren Kjell Gjerseth.

Journalist og forfattar Kjell Gjerseth, fødd 1946, er blitt pensjonist, men er aktiv som aldri før.

No kjem han til UiS for å førelese om systemteori.

Politisk engasjert

Kjell Gjerseth er kjent for eit mangearta virke. Han var i 1965 formann i Rogaland Unge Høyre, gjekk ut i protest mot Vietnamkrigen og vart aktiv i AKP(m-l), jobba så som industriarbeidar ved Jøtul, der han var streikeleiar i ein stor streik i 1976.

Interessa for politisk arbeid førte Gjerseth inn i journalistikken, og han starta som journalist i Klassekampen, han studerte journalistikk og tok hovudfag i sosiologi i 1979.

Solidaritetsarbeid med Afghanistan etter den sovjetiske okkupasjonen der gjorde at han vart ulovleg overvåka av POT, noko han fekk erstatning for. 

Tarjei Vesaas' debutantpris

Gjerseth har ein viktig forfattarskap bak seg, heilt sidan hovudoppgåva om sosialklientar knytte til stoffmiljøet i Oslo sentrum, og har skrive mykje fleire stader, også som journalist i Stavanger Aftenblad, om dei som lever på samfunnets ytterkant.

Han har jamvel motteke Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1983, for romanen Chakoo, som har stofftilfang og tematikk frå Afghanistan. 

Erfaringar med analytisk arbeid

I desse førelesingane ønskjer Gjerseth å ta fram erfaringar med analytisk arbeid på mange område gjennom åra, med feste i systemteori, som er eit tverrfagleg overgripande perspektiv på studiet av system på ulike nivå og i ulike samanhengar. 

Alle interesserte er velkomne, førelesingane blir i to økter à tre timar, onsdag den 4. oktober og torsdag den 5. oktober, begge dagar klokka 12.15-15.00, i Ellen og Axel Lunds hus (gamle delen av Hotellhøgskolen), auditorium H-127. Der er god plass og vi vonar at mange kan kome. 

 


Sist oppdatert av Elin Nyberg (29.09.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Førelesning
I førelesningane vil Kjell Gjerseth ta fram erfaringar med analytisk arbeid på mange område gjennom åra. (Arkivfoto)