Det norskamerikanske historielaget i Norge held seminar i Stavanger


Migration, minorities and freedom of religion er tema når Det norskamerikanske historielaget i Norge held seminar i Stavanger 21.- 24. juni 2017 på Stavanger katedralskole.

Det norsk-amerikanske historielaget i Norge (NAHA-Norge) inviterer til «Migration, minorities and freedom of religion», som er det trettande norsk-amerikanske seminaret i rekkja. Seminaret vert heldt på Stavanger katedralskole, Kongsgård, mellom 21.-24. juni 2017.

Eit vidt program 

Forfattar Edvard Hoem held innleiingsforedraget, som er basert på bøkene hans om utvandringa til USA og Canada. Foredraget hans kjem til å handle om perspektiv, forteljargrep og korleis han i dei tre binda om utvandringa frå Noreg syner kor viktig migrasjonshistoria har vore for samfunnet. 

Professor Robynne Rogers Healey frå Trinity Western University, Langley, British Columbia, Canada vil halde hovudforedraget torsdag 22. juni. Ho ynskjer å diskutere den omfattande utvandringa av kvekarar i periferien av det transatlantiske migrasjons­området, som for eksempel frå de norske og canadiske samfunna.

Professor emerita Solveig Zempel fra St. Olaf College, Northfield, Minnesota, USA, vil fredag 23.6. gje ein presentasjon av Ole E. Rølvaag sitt forfatterskap i forhald til seminaret sitt tema omkring minoritetar, grupper og fridom. I tillegg til de tre hovedtalerne vil det være meir enn 30 føredrag som spenner over eit vidt felt.

 

Forutan det rikhaldige akademiske programmet, vil seminaret også innehalde ei rekkje kulturelle opplevingar.. Sjå programmet for seminaret og informasjon om påmelding.


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (09.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Biletet er eit illustrasjonsbilete som syner mennesker frå ei anna tid.
Det norsk-amerikanske historielaget i Norge (NAHA-Norge) inviterer til seminar.