Gymsal for hjernen


Eit nytt matematikkrom i Hagbard Lines hus på UiS skal bidra til å gjere faget meir praktisk og gleda for matematikk større blant komande lærarspirer.

I dag var det offisiell opning av det nye matematikkrommet på Det humanistiske fakultet ved UiS. Rom U-019 blei innvia av dekan Tor Hauken ved snorklipping.

– Gud veit kva vi ikkje kan gjere med tal. Dette er eit flott initiativ, sa Hauken då han kom med sine lykkeønskingar for det nye rommet.

Ifølgje universitetslektor Kjersti Melhus ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk, har det lenge vore planar om eit slikt rom for matematikkutstyr, materiell og litteratur. I dag var det tid for feiring for dei tilsette ved instituttet.

– Lærarar må ha god kompetanse i det å knytte praksis og teori tett saman. Med stadig meir bruk av modellar, konkretiseringar og aktivitetar i matematikkundervisinga i skulen, er det viktig at dei kommande lærarane kan bruke slikt utstyr på ein reflektert og målretta måte. Det blir lettare no som vi har eit eige rom til dette formålet, seier ho.

Med tid og stunder skal rommet fyllast med resultat av studentane sitt arbeid, som modellar, illustrasjonar og figurar. I rommet vil det også finnast konkretiseringsutstyr for bruk i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, samt bøker og litteratur frå fleire tiår tilbake.

– Matematikkrommet skal vere med å utvikle studentanes matematiske kompetanse og dei skal bli flinke i å leggje til rette for god matematikkundervising for elevar i alle aldrar. Bruk av rommet vil dessutan gi god variasjon i undervisinga til studentane, seier Melhus.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (10.06.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Kjersti Melhus ved IAS viser fram modellar som er laga av studentar som skal bli matematikklærarar.
Kjersti Melhus ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk viser fram det nye matematikkrommet og modellar som er laga av studentar som skal bli matematikklærarar.
Dekan Tor Hauken klippar snor
Dekan Tor Hauken stod for den offisielle opninga av det nye matematikkrommet i Hagbard Lines Hus.