Eit godt år for forsking ved UiS


Etter den nye metoden for utrekning av publikasjonspoeng har UiS 739 poeng i 2015. Det er ein oppgang frå 665 sidan året før. Dette utgjer 0,95 poeng per vitskapleg årsverk, likt med året før. 21 prosent av publikasjonane ved UiS er publiserte på «nivå 2».

UiS har auka talet på vitskapleg artiklar i 2015 samanlikna med året før. UiS har ein oppgang frå 665 i 2014 til 739 poeng i 2015, noko som betyr ei auking på 11 prosent. Det viser tala frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), som nyleg har vorte fôra med ferske tal frå det nasjonale forskingsinformasjons-systemet Cristin.

Sjå tabell over publiseringstala på UiS etter ny og gamal utrekningsmodell. 

Sjå tabell over tala frå heile universitetssektoren samla

Ny utrekningsmetode
Metoden for utrekning av publiseringspoeng er i år endra. I den nye utrekningsmodellen tel sampublisering og internasjonalt samforfattarskap noko meir enn tidlegare.

Du kan lese meir om den nye utrekningsmetoden på nettsidene til Universitets- og høgskulerådet. 


Publisering per vitenskapleg årsverk
Det er likevel publiseringspoeng per vitskapleg årsverk – eller såkalla UFF-årsverk – som er mest interessante når ein skal vurdere forskingsproduksjonen ved ein institusjon. Her har ikkje UiS auka frå året før. Vi har 0,95 poeng medan landsgjennomsnittet for universiteta er 1,40 poeng.

– Publiseringstala frå 2015 viser ei god auking når det gjeld publisering frå UiS totalt sett. Mange institutt gjer det veldig bra, dette gjeld særleg på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, seier forskings- og innovasjonsdirektøren Troels Jacobsen.

– Vi satsar jamt og trutt på å auke forskingsproduksjonen blant anna gjennom å organisere forskinga i såkalla programområder for forsking. I dag har vi 34 slike programområder fordelt på alle fakulteta. I desse fagmiljøa gror forskinga godt, til liks med mykje av forskinga som skjer på institutt- og senternivå, seier Jacobsen.

Fleire publikasjonar på «nivå 2»
UiS har 144 publikasjonar på «nivå 2», noko som utgjer 21 prosent av alle publikasjonane. I 2014 låg denne prosenten på 18.

Det er slik at publisering i tidsskrift eller på forlag som er klassifisert som «nivå 2» gjev fleire publiseringspoeng enn dei som er klassifisert på «nivå 1». Berre dei 20 prosent beste publiseringskanalane skal vere klassifiserte som «nivå 2». 

– At UiShar auka si «nivå 2»-publiseringar er eit godt kvalitetsstempel på forskinga vår. Det er meir krevjande å få inn ein artikkel på «nivå 2». Dette er òg eit teikn på at forskinga ved UiS blir lesen og referert til, seier Jacobsen.

Gode tal på «Teknat»
Det er Det teknisk-naturvitskaplege fagmiljøet som med sine 368 poeng står for brorparten av publikasjonspoenga. Fakultetet har samla sett 1,56 poeng per vitskapleg årsverk, over landsgjennomsnittet.

Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi utmerkjer seg mest. Dei ligg på 2,7 poeng per vitskapleg årsverk. Også Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging gjer det bra med 2,15 poeng per vitskapleg årsverk, altså ein god del over landsgjennomsnittet også her.  

Fleire forskarar publiserer
UiS har sidan 2011 auka talet på vitskapleg tilsette – altså tilsette som driv forsking. I 2011 hadde vi 624 vitskapleg tilsette. No tel vi omlag 779. Publiseringstala speiler dette ved at den vitskaplege produksjonen er spreidd på  fleire forskarar enn tidlegare.

– Det er veldig positivt at det er fleire nye namn på lista over forskarar som har publisert i 2015 samanlikna med 2014. Eit av måla våre er at fleire av våre vitskapleg tilsette skal publisere, seier Jacobsen.

Tekst: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (14.04.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Bokstabel
Vitskapleg publisering i Noreg har auka med 2,2 prosent i 2015. UiS har auka med 11 prosent. Frå 2015 er det også innført ny utrekningsmodell. Sampublisering og internasjonalt samforfattarskap tel noko meir enn tidlegare.