Utset kravet om mastergrad på PPU


Kunnskapsdepartementet utset kravet om master for å ta PPU grunna omstillingar i arbeidslivet. – Det inneber at det er mogleg for dei med bachelorgrad å kome inn på studiet heilt fram til 2019, seier instituttleiar Odd Magne Bakke ved IKS.

Kunnskapsdepartementet (KD) har stadfesta at kravet om mastergrad for å ta lærarutdanning gjennom praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) likevel ikkje gjeld frå 2017, men vert utsatt med to år. Årsaka er at departementet ikkje vil forverra den vanskelege arbeidssituasjonen i Noreg.

– Uheldig

Instituttleiar Odd Magne Bakke ved Institutt for kultur- og språkvitskap (IKS) meiner det er uheldig at KD kjem med denne endringa berre nokre dagar før søknadsfristen for å søke høgare utdanning går ut.

– Det hadde sjølvsagt vore ynskjeleg at ein haldt stø kurs og heller bestemte seg for å gå for ein lengre overgangsfase i første omgang, enn at ein må endre på vedtaket rett før søknadsfristen går ut. Det kan tenkast at studentar har endra val av studieretning på grunn av dette, og ikkje har fått med seg endringa, seier han.

Utsetjinga av kravet om mastergrad kom etter at Utdanningsforbundet etterlyste gode argument for at dei nye krava skulle gjelde allereie frå og med neste år. Dei frykta for rekrutteringa når lærarar utan pedagogikkutdanning og studentar med starta studieløp til bachelornivå brått fekk endra føresetnader, ifølgje, ifølgje NRK Hordaland.

Fleire studieplassar

Universitetet i Stavanger (UiS) mottok tidlegare i år 60 nye PPU-plassar øyremerka ingeniørareller personar med realfagsbakgrunn. No har UiS fått tilbod om å søkje om å få fleire plassar på det populære studiet.

– Kunnskapsdepartementet kontakta oss for å høyre om vi var interessert i fleire studieplassar på PPU, noko vi svara ja til. Vi har kasta oss rundt og søkt om 50 nye plassar, noko som betyr at dersom vi får desse studieplassane, vil vi ha dobla talet på studieplassar frå i fjor, seier Bakke.

Instituttleiaren seier at dei vonar at dei vert tildelt plassane dei har søkt, og trur det kan vere med å mette det store behovet blant søkarane, og syner til den store søknadsmassen som har vore til PPU-studiet ved UiS. Om UiS får tildelt 50 nye studieplassar, vil ikkje desse verte øyremerka realfag, men vil vere opne for alle som er kvalifiserte til å søkje. Les meir om PPU-studiet og korleis du kan søkje.

Vekkje interesse

PPU-studiet gjer deg kvalifisert for arbeid i ungdomstrinnet i grunnskulen, for vidaregåande skole og for vaksenopplæring. Den praktisk-pedagogiske utdanninga er et praktisk orientert og yrkesretta studium som strekkjer seg over eitt år (heiltid) eller to år (deltid) og gjev deg 60 studiepoeng.

Gjennom PPU-studiet får du innblikk i korleis skolen fungerer, kva det vil seie å skape eit godt læringsmiljø og korleis ein kan vekkje interessa og engasjement for faglege spørsmål hos elevane.

Frå studieåret 2019/2010 vert opptakskrav mastergrad/hovudfag med minst eitt undervisningsfag. Kandidatar med bachelor i praktiske og estetiske fag vert unnateke kravet om master og kan takast opp til PPU.


Tekst: Maria Gilje Torheim
Foto: Morten Berentsen


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (24.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Biletet syner studentar på Ullandhaug campus.
Kunnskapsdepartementet utset kravet om master for å ta PPU grunna omstillingar i arbeidslivet