Vil du lære meir om norsk som andrespråk?


Vidareutdanninga «Norsk som andrespråk» ved UiS har vore eit populært tilbod i mange år. Med den pågåande straumen av flyktningar til Norge, er tilbodet meir aktuelt enn før.

– Vi har hatt dette tilbodet i mange år og det har vore stor pågang, noko som igjen syner at det vore eit stort behov for denne vidareutdanninga. Det er ingen grunn til at tru at dette kjem til å snu, snarare tvert imot.

Det seier Elisabeth Egeli ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Ho er fagleg ansvarleg for vidareutdanninga «Norsk som andrespråk».

Betre rusta

Dette er eit tilbod primært mynta på lærarar i grunnskulen som underviser minoritetspråklege elevar i norsk. Egeli meiner det er viktig at lærarar i skulen i dag nyttar moglegheitene dei får til å heva kompetansen sin. Det gjer norsklærarane endå betre rusta til å lære vekk norsk til dei som ikkje har det som førstespråk.

– Å lære seg kvardagsspråk for flyktningar og andre som har norsk som andrespråk, er ikkje så vanskeleg, men det tek fleire år å lære seg det akademiske språket som skal til for å meistre skulefaga. Difor er det viktig at språkutviklinga kjem i gong så fort som mogleg og at lærarane er best mogleg rusta til oppgåva, seier ho.

Hjelper minoritetspråklege

Vidareutdanninga er eit deltidsstudium over eit semester og gjev15 studiepoeng. Undervisninga vil føregå på norsk. Studiet har som mål å gje lærarane nokre verktøy, som kan nyttast til å hjelpe minoritetsspråklege barn og unge si læring og utvikling ut i frå deira eigne kulturelle og individuelle føresetnadar.

Studentane på denne vidareutdanninga vil lære meir om korleis dei kan bruke andrespråkteoriar i undervisninga og korleis dei kan støtte elevane si fleirspråklege utvikling, seier Egeli. 

Les meir om studiet.


Tekst: Maria Gilje Torheim
Foto: Elisabeth Tønnessen


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (01.04.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Biletet syner ein student ved UiS.
Det har vore stor pågang på tilbodet "Norsk som andrespråk" i mange år.