Vellukka testseminar i Romania


Eit nytt kurskonsept, Winning immigrants as active members in civic society, som er utvikla av UiS, Universitetet i Dublin, Universitetet i Oldenburg og Hero kompetanse, er prøvd ut på fagorganiserte og politikarar i Europa.

Kurset blei heldt i Balile Olanesti i Romania med deltakarar frå Noreg, Irland, Tyskland, Portugal, Sveits og Romania.

- Kurset lærar fagforeiningar og politiske partier å utvikle kurs i den hensikt å rekruttere fleire innvandrarar. Evalueringa av kurset var svært positiv. Kurskonseptet skal nå justerast før det blir heldt i si endelige form i Portugal i juli, fortel Elisabeth Egeli ved Institutt for kultur og språkvitskap ved UiS, som har hatt ansvaret for utviklinga av fagforeiningsmodulane i samarbeid med Hero kompetanse og LO.

Kurset blei også prøvd ut for fagorganiserte i Stavanger i september 2007. Også då var tilbakemeldingane positive.

Meir om kurset for fagforeiningar i Europa



Sist oppdatert av Silje Stangeland (30.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol