Vestlandskrav om kiropraktorutdanning ved UiS


Etablering av kiropraktorutdanning ved Universitetet i Stavanger er eit av krava til Statsbudsjettet for 2009 frå Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet anbefaler at Regjeringa gjer naudsynt startkapital, slik at Universitetet i Stavanger kan starte kiropraktorutdanning neste år. Dette er eit av krava Vestlandsrådet ynskjer skal gjennomførast i statsbudsjettet i 2009. Det kom fram på Vestlandsrådet sitt møte i Stavanger 25. april.

Dekan ved Det samfunnsvitskaplege ved UiS, Marit Boyesen, meiner dette var ei viktig fråsegn.

– Dette er veldig positivt fordi det tyder at regionen og de politiske kreftene jobbar i same retning som oss. Dette er ei tydeleg markering overfor regjering og dei nasjonale myndigheitene om at det er støtte i regionen for å etablere denne utdanninga, seier Boyesen.

Ph.d. i kiropraktikk vedteke
Kiropraktorar er den einaste store gruppa autorisert helsepersonell som ennå ikkje har eit eige utdanningstilbod i Noreg. UiS har i samarbeid med Stavanger Universitetssjukehus (SUS) og Norsk Kiropraktorforeining arbeida med plan for etablering av kiropraktorutdanning i Stavanger sidan 2003.

UiS og SUS gjekk i vinter i saman om å opprette to stipendiatstillingar innan kiropraktikk. 30. april vedtok tilsettingsutvalet for SV-fakultetet at stipendiatstillingane skal lysas ut. Planen er at desse to stipendiatane skal være på plass 1. august.

– Dette er ein milepæl. Med tilsettinga av to stipendiatar viser UiS og Stavanger Universitetssjukehus (SUS) at vi satsar på kiropraktikk og at vi er klare til å etablere utdanninga i Stavanger, seier Boyesen.

Internasjonalt studie
UiS har eit godt samarbeid med Universitetet i Bournemouth om dette nye studieprogrammet, og utdanninga er tenkt å gå føre seg med ein 80/20-fordeling på engelsk/norsk – noko som vil kunne medverka til å trekke utanlandske lærekrefter og utanlandske studentar til UiS.

Mer informasjon:
Vil forske på kiropraktikk
Lyser snart ut stipendiatstillinger (Kiropraktikk.no)

Sist oppdatert av (30.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol