Nytt transmisjonsmikroskop ved UiS


Eit nytt transmisjonselektronmikroskop er teken i bruk ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi. Mikroskopet kostar om lag fem millionar kroner. Oljeselskapet Total E&P Norge AS har sponsa det nye utstyret med ein million kroner.

Det nye utstyret vart nyleg presentert samstundes med markeringa av at alle UiS sine elektronmikroskop no er på plass i nye spesialbygde og funksjonelle lokale med minimal elektromagnetisk stråling, akustisk støy og vibrasjonar.

Kva er så skilnaden på eit skanning-elektronmikroskop (SEM) og eit transmisjons-elektronmikroskop (TEM)?

Professor Vidar Hansen ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi fortel:

- Ved skanning (SEM) flytter elektronstrålen seg over prøven og set saman eit bilde frå signala som blir reflekterte frå atoma i prøven. Ein kan i røynda sjå detaljar ned mot nokre få titals nanometer for dei fleste prøver. Mikroskopet har også ekstremt god djuneskarpleik.

Smått er flott

- Transmisjonselektronmikroskopet derimot sender elektronane gjennom prøven, som ikkje er tjukkare enn nokre hundre nanometer. Ved denne metoden kan ein sjå detaljar ned mot nokre tidels nanometer. Faktisk kan ein sjå kolonnar av atom i ein del typar materiale. Begge mikroskopa kan avgjera den kjemiske samansetjinga av materiale, men TEM er åleine om å kunna utføra spreiingseksperiment (eller diffraksjon) frå svært små område.

Hansen understrekar at det nye mikroskopet i kombinasjon med SEM-apparatet er eit viktig tilskot til dei vitskaplege eksperimentelle instrumenta ved UiS. Med dette utstyret kan me i tillegg til metallprøver studera både biologisk og geologisk materiale. Brukarane kjem frå eit breidt spekter av fagmiljø.

For det meste vert instrumenta ved UiS nytta av interne og eksterne fagfolk innan material- og petroleumsteknologi. I samband med markeringa av at gamalt og nytt utstyr endeleg er på plass i nye lokale arrangerte instituttet ein serie foredrag og presentasjonar om bruk av elektronmikroskop innan aktuelle fagområde. 

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (02.10.2015)

Skriv ut artikkel print symbol