– Må bruke skallen


To kveldar på rad på Sting Nere sat publikum med øyra på stilker. Spanande forsking, mykje læring, men òg lått og løye – ForskarStandUp er ein årleg suksess.

– Eg går heller ut på eit godt foredrag enn å sjå på ein tilfeldig film på tv. Her må ein bruke skallen.

Det seier Steinar Skottheim. Han og kona Liv C. Stuestøl tok turen til årets ForskarStandUp, eit av mange arrangement under Forskingsdagene. Dei fekk med seg ei rekke småforedrag på 15 minutt av forskarar i regionen.

Mangfaldig program
Skottheim som var til stades begge kveldane, fekk med seg eit variert program med forskarar frå International Research Institute of Stavanger (IRIS), Misjonshøgskulen, Museum Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus og Universitetet i Stavanger.

Tysdag 22. september tok Eli-Christine Soltvedt frå Arkeologisk museum ved UiS oss med til forhistorias Rogaland og dei første korndyrkarane. Allereie 3000–4000 år f.Kr. finn ein spor etter pollen frå kornsortar i Rogaland, og dei aller første kornsortane var naken bygg og emmer. Soltvedt meiner at noko av dette kornet vart brukt til å bryggje øl.

Soltvedt tala òg om at ein tidligare brukte pors i øl i staden for humle. Porsen gir ein bitter smak til ølet og er konserverande. 

Miljøteknologi på Madagaskar
Onsdag 23. september held blant anna professor Torleiv Bilstad frå Institutt for matematikk og naturvitskap ved UiS eit innlegg om stoda på Madagaskar. Han fotalde at landet slit med politisk korrupsjon.

– Sjølv om landet er ressurssterk, så er det fattig. Landet har udugelege leiarar som til dømes har seld skog til Kina. Resultatet er kraftig avskoging, som igjen betyr av-renning og erosjon. Det fører til at havet blir forureinsa og at næringsgrunnlaget for fisken blir øydelagt, forklara Bilstad.

Professoren har gjennom eit samarbeidsprosjekt vore vegleiar for fleire gassiske stipendiatar i miljøteknologi. Håpet er at dei kan hjelpe myndigheitene å ta forureiningsproblema på alvor.

Stress med overdriven tryggleik
Odd Einar Olsen, professor i samfunnssikkerheit ved UiS, held eit foredrag om drømmen om eit risikofritt samfunn. Han tala mellom anna om kva som skjer med eit samfunn som stadig jagar etter meir sikring og tryggleik.

– Vi er i ferd med å gjere som i Amerika kor fleire foreldre utrustar ungane sine med GPS-ar. Slik kan dei få eit pip og følgje med på når ungen kjem fram til skulen og når ungen kjem heim. Men kva skjer viss ungen ein dag vel å gå i ei anna retning?

Olsen påpeika at dette kunne ein òg gjere med kjærasten. Ein kunne stille inn GPS-en sånn at den peip når kjærasten berre er to meter frå gammalkjærasten sin.

– Ja, kva skjer då? Det blir mykje stress, konstaterte Olsen til ein humrande sal.

– Så kva er god nok sikkerheit? Svaret mitt er at vi har god nok sikkerheit fram til den dagen det går på kostnad av dei tinga vi set pris på.

Frodig ordbruk
Professor Inge Særheim frå Institutt for kultur- og språkvitskap ved UiS tala om namn på havet. 

– Det er i hovudsak menn som har gitt namn på sjøen. Den sensurinstansen som eit tvikjønna miljø ville ha representert, har mangla. Fleire ord for kjønnsorgan førekjem: Eistene, eit skjer med to toppar på Jåsund, tyder rett og slett testikkel eller pung, forklara Særheim, som ikkje nøla med å fortsetje.

Kuntegrunnen er også eit namn som førekjem, det inneheld eit ord for kvinneleg kjønnsorgan – om ein tenkjer «engelsk».

Såleis fekk namna Eisten og Kuntå frå Kvitsøy og Eistå og Kunte frå Sjernarøyane ein ny dimensjon for mange lyttarar denne kvelden. Og publikumar Steinar Skottheim gjekk heim med ein god følelse.

– Eg veit lite på førehand kva kvelden vil bringe, men eg syntes det var spanande alt saman. Det var varierte foredrag og interessante tema. Eg opplevde fleire overraskingar, og det kjem ting fram som eg ikkje har tenkt på. 

TEKST og FOTO: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (24.09.2015)

Skriv ut artikkel print symbol