Barnevernsdagar i Stavanger


Frå 24. til 25. april arrangerast konferansen Barnevernsdagane 2008 i Stavanger. Tema er framtidsvisjonar for eit nytt barnevern i Noreg. Konferansen er ein møteplass for juristar, psykologar, barnevernsarbeidarar, pedagogar og andre aktørar innan feltet.

Sentralt for dei faglige vurderingane i arbeidet med barnevern, er spørsmåla omkring den biologiske familiens rolle, følgjer av ulike typar omsorg over tid og kva som gir god nok omsorg. Konferansen har som mål å hjelpe dei ulike aktørane til å utvide sine vante perspektiv.

Barnevernsdagane skal bidra til å fremje nyskapande, fleirfaglig forståing, intervensjonar og evaluering av barnevernets verkefelt. Fokus vil også settast på analyse av barnevernets gjeldande politiske og ressursmessige rammer.

På programmet står mellom anna foredrag om barns oppvekstvilkår i eit aldrande samfunn av professor Joakim Palme frå Stockholm Universitet, foredrag om paradigmeskiftet og det nye barnesyn av professor Dion Sommer frå Århus Universitet, foredraget ”Er det rom i barnevernet for barn som deltakarar?” av førstelektor Cecilie Omre og førsteamanuensis Liv Schelderup ved Universitetet i Stavanger, og foredraget ”The challenges and opportunities of collaborative working” av professor Ilan Katz, Director of Social Policy Research Centre, New South Wales.

Manuela Ramin-Osmundsen vil dessutan halde innlegg om barns og unges oppvekst i eit fleirkulturelt Noreg. Opninga av konferansen er ved Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland.

Konferansen arrangerast på Clarion Hotell i Stavanger av Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning i samarbeid med UiS.

Meir om konferansen

Meir om programmet


Sist oppdatert av Silje Stangeland (22.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol