70 nye grupperom og fleire leseplassar


Studentane på Ullandhaug får mykje meir rom å boltra seg på etter at det nye SV-bygget kom. Den 19. august er det offisiell opning.

Handelshøgskulen har flytta inn i andre etasje i det nye SV-bygget og Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag har flytta inn i tredje etasje.

No ventar bygget på at studentane skal ta det i bruk. Eit auditorium med plass til 646 studentar ser fram til at studentane skal småspringe i trappene og finne seg ein stol i rekkjene og få med seg ei gripande førelesing. Også eit vrimleareal i første etasje ventar utålmodig på liv og lått.  

Meir rom åt studentane
Etter at dei to institutta har flytta til SV-bygget, er no fleire rom i Ellen- og Axel Lunds hus og C-bygget i Kjølv Egelands bygd om til grupperom. Dei kan takast i bruk frå 1. september.

– Studentane har i mange år hatt for lite boltreplass. No er mange kvadratmeter frigjort. Av desse får studentane 70 grupperom, fortel seniorkonsulent i Felles resurssenter Rolf L. Ringdahl.

I tillegg er det duka for utviding av kapasitet i Universitetsbiblioteket i Kjølv Egelands hus. 1. september står mange nye arbeids- og leseplassar klare til bruk i biblioteket. Totalt er det no nærmare 400 arbeidsplassar her.

Nytt namn
19. august brakar det heile laust. Då har UiS og Statsbygg, som eig bygget, gleda av å invitere til offisiell opning av dei nye lokalane for Det samfunnsvitskaplege fakultet. Truleg med fanfare.

Det ligg ei viss spaning i kva namn det nye bygget får. Huset får nemleg namn på den offisielle opninga. Då blir det kake og musikalsk innslag ved studentar frå Institutt for musikk og dans i tillegg til nøkkelseremoni og omvising.

Tekst: Karen Anne Okstad

 


Sist oppdatert av Siri Jeanette Pedersen (10.08.2015)

Skriv ut artikkel print symbol