Anne Kalvig om alternativ terapi i Forum for historie, kultur og samfunn


Anne Kalvig, UiS, held foredrag onsdag 23. april kl. 18.00 i Hulda Garborgs hus, rom O-101 .

Tema for foredraget er "Alternativ terapi - kropp, sjel og ånd i seinmoderne kultur".

I dette foredraget presenterer Kalvig nokre sentrale kropps- og åndsforståingar innan alternativ terapi, som her blir framstilt som del av eit større, alternativ-spirituelt felt. Materialet er både frå feltarbeid og frå tekstlege kjelder. Forestillingar om multiple kroppar og eit tilvære som består av energi, er døme på alternative syn som vil bli belyst. Det alternative feltet og den alternative tenkinga rundt t.d. kropp og sjel, er i følge Kalvig eit vesentleg innslag i vår seinmoderne kultur, men påfallande lite utforska innan faglitteraturen.

Meir informasjon:
Alernativ tru på frammarsj (Univers nr 3/07)

Sist oppdatert av (15.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol