Freistar med finans


– Moglegheitene er mange for studentar som vil bli siviløkonomar ved Universitetet i Stavanger. Mellom anna kan dei spesialisere seg i anvendt finans, fortel Ola Kvaløy, førelesar og studieleiar ved Institutt for økonomi- og leiing ved UiS.

Økonomistudentar som vel å ta master i økonomisk-administrative fag kan velje mellom å spesialisere seg innanfor økonomisk analyse, føretaksleiing eller anvendt finans. Sistnemnte spesialisering kombinerer fagområda finans og jus og fokuserer på anvendte finansielle problemstillingar.

Tungt finansmiljø
– Satsinga på anvendt finans, såkalla applied finance, er resultat av eit tett samarbeid med næringslivet. Vi er no i ferd med å byggje eit sterkt finansmiljø, fortel Kvaløy, som omtalar studiet som populært.

I august i fjor gjekk finansnæringa i Stavanger-regionen saman om å byggje opp eit tungt finansmiljø. Mellom anna har SKAGEN Fondene, Sparebank 1 SR-Bank, HitecVision Private Equity, Sandnes Sparebank og GE Money Bank gitt 20 millionar kroner til utvikling av unike studie i anvendt finans og forsking ved UiS. Sjølv set UiS inn like store ressursar i samarbeidet over ein femårsperiode.

Gode karrieremoglegheiter
Med fokus på anvendt finans vil masteren mellom anna ta opp problemstillingar som næringslivet er opptatt av. I tillegg vil representantar frå næringslivet bidra med førelesningar.

Utdanninga skal gi studentar frå inn- og utland eit solid teoretisk fundament, samtidig som det i undervisinga vil fokuserast på praktiske oppgåver og verktøy. Slik skal studentane raskt kunne bruke sine kunnskapar produktivt når dei går ut i arbeidslivet.

– Det vil bli behov for fleire siviløkonomar i åra som kjem. Det er god etterspurnad etter denne typen utdanning. Mange av våre studentar har fått tilbod om jobb før dei er ferdig utdanna. Karrieremoglegheitene er mange og gode, seier Kvaløy, som oppmodar studentar til å satse på finans og økonomisk- og administrativ leiing før han minnar om søknadsfristen 15.april.

Meir om Økonomisk-administrative fag - masterstudium

Les også Finansnæringen og UiS bygger unikt finansmiljø

Les også Anvendt finans i fokus


Sist oppdatert av Silje Stangeland (15.04.2008)

Skriv ut artikkel print symbol