Alle nye lærarar skal ha mastergrad


Magne Rogne vart nyleg oppnemnt til å sitje i Rammeplanutvalet for femårige, integrerte lærarutdanningar på masternivå. Rammeplanutvalet skal no kome med forslag til forskrift for nye grunnskulelærarutdanningar, der alle lærarar skal ha mastergrad.

Dei siste fem åra har Magne Rogne leia sekretariatet til Følgjegruppa for lærarutdanningsreforma, som har vore plassert ved Det humanistiske fakultet ved UiS, under leiing av dekan Elaine Munthe. I desse dagar skal Følgjegruppa levere den femte og siste rapporten til Kunnskapsdepartementet. Rogne har tidlegare arbeidd ved allmennlærarutdanninga og PPU, og har ein doktorgrad i lesevitskap frå UiS. Frå august av byrjar han som førsteamanuensis i norsk ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk ved UiS.

Nyleg vart han oppnemnt av Kunnskapsdepartementet til å sitje i Rammeplanutvalet for femårige, integrerte lærarutdanningar på masternivå.

Vert heva til masternivå
Saman med dei ni andre medlemmane i Rammeplanutvalet, skal Rogne no kome med forslag til forskrift for nye grunnskulelærarutdanningar, der alle nye lærarar skal ha mastergrad. Og innan 15. april skal dei ta stilling til om ein skal ha tre lærarutdanningar som i dag, innretta mot skulestega 1-7, 5-10 og 8-13, eller om ein skal kutte 5-10-utdanninga. Det endelege forslaget til forskrift om rammeplan for femårig grunnskulelærarutdanning skal leverast til Kunnskapsdepartementet innan den 1. november 2015.

– Eg meiner det er nødvendig og viktig at lærarutdanningane no vert heva til masternivå. I eit stadig meir kunnskapsbasert samfunn er det avgjerande at dei viktigaste kunnskapsformidlarane - lærarane - har eit utdanningsnivå på line med andre prestisjefylte profesjonar som juss og medisin, seier Rogne.

Utnytte fagkunnskap
Han ynskjer å arbeide for at den nye rammeplanen skal medverke til endå meir forskingsbaserte utdanningar, slik at dei komande lærarane vert trygge på korleis dei skal skaffe tilgang til og utnytte ny fagkunnskap gjennom yrkeslivet. 

– Kontinuitet er viktig, og eg ynskjer å ta med erfaringane frå fem års tett samarbeid med lærarutdanningsinstitusjonane inn i arbeidet med den nye rammeplanen, seier han.

I Mandat for rammeplanutval for femårige, integrerte grunnskolelærerutdanninger på masternivå, står det blant anna at dei femårige mastergradsutdanningane for grunnskulelærarar skal svare på skulen sitt behov for lærarkompetanse. Utdanningane skal vere integrerte og heilskaplege, halde høg kvalitet og opplevast som attraktive, relevante og innovative profesjonsutdanningar. Undervisnings- og læringstrykk skal aukast. Og dei nye utdanningsprogramma skal byggje på eksisterande grunnskulelærerutdanningar i den grad det er føremålsteneleg.


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (06.03.2015)

Skriv ut artikkel print symbol