Opprykk til professor – Kristin Akerjordet


Kristin Akerjordet er tildelt personleg opprykk til professor i helsevitskap og leiing ved Institutt for helsefag.

Kristin Akerjordet har sidan 2001 vore tilsett som universitetslektor ved Institutt for helsefag ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho har i tillegg til eiga forsking og formidling, undervist studentar på bachelor- og masternivå og vore vegleiar for masterstudentar i helsevitskap, samt vegleiar for doktorgradskandidatar.

I dag er Akerjordet forskingsleiar ved Institutt for helsefag og har ansvar for å utvikle forskingsprosjekt knytt til sjukepleiarstudentane si praksis på sjukeheim. Ho er også leiar for ei forskargruppe i helsefremmande leiarskap.

Klinisk erfaring
Akerjordet er utdanna sjukepleiar og har spesialutdanning i intensivsjukepleie. Ho har grunn-, mellom- og hovudfag i sjukepleievitskap med fordjuping i leiing ved Institutt for sjukepleievitskap på Medisinsk fakultet ved Universitetet i Oslo.

Akerjordet har lang klinisk erfaring som intensivsjukepleiar. Ho har òg erfaring som leiar ved akutte kardiologiske og psykiatriske sengepostar. I tillegg har ho erfaring som assisterande avdelingssjukepleiar.

Emosjonell intelligens
Den nyoppnemde professoren tok doktorgrad i 2009 med ei avhandling om emosjonell intelligens og den empiriske tydinga av dette. Med denne avhandlinga ønska ho å utvikle større forståing for – og mogleg bruk av – emosjonell intelligens i sjukepleiarfaget. Studien gav òg ei auka innsikt i kva tyding emosjonell intelligens kan ha for verdibasert leiing, samarbeid, innovasjon og endring.

Akerjordet sine forskingsområde dekker også systematisk kunnskapsoppsummering, refleksjonar om ansvarleg leiarskap og mental helse.

UiS har aktive forskingsmiljø blant anna innan helseetikk, langvarige helseplagar, pasientsikkerheit, pårørande, rus og avhengigheit, profesjonelle relasjonar, livsfenomen og livskvalitet samt også forsking på velferdstenesta.


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (05.03.2015)

Skriv ut artikkel print symbol