Opprykk til professor - Bodil Furnes


Bodil Furnes er tildelt personleg opprykk til professor i sjukepleievitskap ved Institutt for helsefag.

Bodil Furnes har vore vitskapleg tilsett ved Universitetet i Stavanger (UiS) sidan 1997. Ho har undervist, vore vegleiar og dei siste 12 åra har ho via mykje av tida si til forsking.

Helsefag er eit viktig og prioritert fagområde ved universitetet. UiS ønskjer å ta eit større nasjonalt ansvar for å utdanne arbeidskrafta vi treng på dette feltet. Sjukepleievitskap er ein ung vitskap. Med professoratet til Bodil Furnes vil sjukepleievitskapen bli vidareutvikla og endå betre forankra ved universitetet.

Sorgarbeid
Furnes har si utdanning frå Noregs sjukepleiarhøgskule i Oslo og Universitetet i Bergen (UiB), der ho tok hovudfag i helsefag i 1997. I 2008 disputerte ho ved UiB med avhandlinga «Å skrive sorgen – bearbeidelse av sorg».

Furnes har lang klinisk erfaring som sjukepleiar og ho har mykje leiings- og vegleiingserfaring og pedagogisk erfaring på alle akademiske nivå. Furnes har vore leiar for forskingsprosjekta «Sorg og bearbeidelse av sorg hos etterlatte» og «Kronisk smerte, tap og sorg».

Kvalitativ forsking
Furnes si forsking dekker bredde og djupn i sjukepleiefaget med vekt på livsfenomen i ein filosofisk samanheng, sorg og sorgarbeid hos etterlatne og det å leve med sorg og handtere smerte. Ifølgje komiteen som har vurdert Furnes som kompetent som professor i sjukepleievitskap, har Furnes ei metodebredde som gjev djupn i forståinga av dei fenomen ho studerer. Ho har særleg erfaring med filosofi, ulike kvalitative forskingsmetodar og analysar.

Institutt for helsefag ved UiS har aktive forskingsmiljø blant anna innan helseetikk, langvarige helseplagar, pasientsikkerheit, pårørande, rus og avhengigheit, profesjonelle relasjonar, livsfenomen og livskvalitet samt også forsking på velferdstenesta.


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (05.03.2015)

Skriv ut artikkel print symbol