- Eit laboratorium for sikkerheitsarbeid


Meir enn 350 deltakarar fekk med seg Samfunnssikkerheitskonferansen ved UiS, som i år blei arrangert for 12. gong. I eit fullsett auditorium drøfta ekspertane alt frå sorte svaner og ebola til korleis Rogaland kan vere eit laboratorium for sikkerheitsarbeid.

I auditoriet i Kjell Arholms hus sat det mellom anna representantar frå fylket, kommunar, helsevesen, forsvaret, kystverket, høgare utdanning og frå naudetatane.

Første mann ut var professor Geir Sverre Braut ved Stavanger universitetssjukehus og Høgskolen Stord/Haugesund og UiS, som drøfta korleis samfunnssikkerheit kan løftast meir fram i vitskap og praksis, og korleis Stavanger kan spele ei nasjonal rolle på samfunnssikkerheitsområdet. Han stilte spørsmålet: Kva er potensialet i Stavanger-området?

Braut fortale om det solide miljøet innan samfunnssikkerheit som har vakse fram i regionen, både innan utdanning og forsking og i form av den operative øvings- og treningskompetansen som finst.

– Det er berre kreativitet og kapasitet som set grensene for kvar vi har utviklingsrom. Rogaland er eit perfekt laboratorium for dette, konstaterte han.

Øvingar og meir kunnskap
Statssekretær Hans J. Røsjorde frå Justis- og beredskapsdepartementet presenterte korleis departementet jobbar med beredskap og var oppteken av at samfunnssikkerheit og beredskap må sjåast under eitt.

– I dette arbeidet er det viktig å ha hyppige og relevante øvingar og ta lærdom av dei øvingane ein gjer, sa Røsjorde.

UiS-professor Terje Aven presenterte teoriar om såkalla sorte svaner, altså korleis ein kan planleggje for hendingar som ein har lite kunnskap om, men som får store konsekvensar om dei skjer.

– Her må vi opne nye dører. Vi  må leggje meir vekt på kva slags og kor mykje kunnskap vi har om ulike hendingar som kan kome til å skje, sa Aven og la vekt på at ein i alt sikkerheitsarbeid også må ta inn over seg dimensjonen av usikkerheit.

Kommunane må vere klare
Kommunal beredskap blei lagt under lupa når utredningsleiar  Erik Furevik i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap haldt sitt innlegg.

– Det skjer ingen uønska hendingar utan at det skjer i ein kommune, sa Furevik, og la til at berre kvar tredje kommune oppfyller krava til kommunal beredskapsplikt.

Ordførar i Hå kommune, Mons Skrettingland, fortalte om flommen på Vigrestad i august 2014 og ordførar i Suldal kommune, Torkel Myklebust, delte av sine erfaringar med dei mange rasa dei har hatt.

UiS-professor Ove Njå brukte erfaringsdata frå ein pågåande studie om risikobilete i sitt innlegg. Han etterlyste ein samfunnskoordinator i kommunane og stilte spørsmål ved om ROS-analysar er ein trussel mot samfunnssikkerheitsarbeidet.

Kriseleiing i NATO
I tillegg til risiko- og sårbarheitsanalyser var også kriseleiing og forsyningssikkerheit og logistikk tema.

Major General Reinhard Wolski fra Joint Warfare Centre, NATO, fortalte i sitt innlegg korleis NATO og JWC løyser krisehandtering gjennom effektiv trening, utdanning og sertifisering av dei styrkane som NATO tilbyr i eit krisescenario.

Førsteamanuensis Lillian Katarina Stene frå UiS drøfta komplekse kriser med utgangspunkt i si forsking på internasjonal kriseleiing og ISAF-styrkane i Afghanistan.

Svineinfluensa og ebola
Dagleg leiar Preben Aavitsland i Epidemi AS heldt til slutt eit foredrag om ebola og epidemiar. Han snakka om den globale svineinfluensaepidemien i 2009 og Ebola-epidemien i Vest-Afrika i 2014. I det første tilfellet var det nødvendig med tiltak i Norge; i det andre tilfellet meinte Aavitsland at norske myndigheiter bør bruke ressursane i Vest-Afrika.

Les mer om Samfunnssikkerhetskonferansen 2015 

Les også: Gode råd mot det utenkelege


Sist oppdatert av Silje Stangeland (08.01.2015)

Skriv ut artikkel print symbol
Geir Sverre Braut på Samfunnssikkerhetskonferansen 2015
SJÅ TIL ROGALAND: Geir Sverre Braut drøfta korleis samfunnssikkerheit kan løftast meir fram i vitskap og praksis og korleis Rogaland kan vere eit perfekt laboratorium for dette.
Statssekretær Hans J. Røsjorde på Samfunnssikkerheitskonferansen 2015
VIKTIG MED ØVINGAR: Stats-sekretær Hans J. Røsjorde frå Justis- og beredskapsdeparte-mentet presenterte korleis dei jobbar med beredskap.
Deltakarar på Samfunnssikkerheitskonferansen 2015
FULLSETT SAL: I auditoriet i Kjell Arholms hus sat det over 350 representantar frå fylket, kommunar, helsevesen, forsvaret, kystverket, høgare utdanning og frå naudetatane.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER