Styremøte ved Universitetet i Stavanger 26.11.2014


Oppretting av studentombud frå januar 2015 og status i arbeidet med ny struktur i UH-sektoren er blant sakene som står på sakskartet.

Møtet går føre seg på styrerommet i Arne Rettedals hus (4. etasje) og startar klokka 10.00.

I sak US 96/14 om justert fordeling av statleg finansiering for 2015 går universitetetsdirektøren inn for å sette av 300.000 kroner til oppretting av ein 50 prosent-stilling som studentombud frå 1. januar 2015.

På det ekstraordinære styremøtet 27.oktober 2014 gjekk styret inn for å drøfte nærare samarbeid med forskingstiftelsen IRIS og for å drøfte fusjon med Høgskolen Stord/Haugesund (HSH).

Sidan har rektor og universitetsdirektør hatt samtalar med IRIS.

Det vert gjort rede for dette og for status i fusjonssaka med HSH i sak US 98/14 på styremøtet.

Sjå heile sakslista her.

 

 


Sist oppdatert av Elin Nyberg (09.02.2015)

Skriv ut artikkel print symbol