Gode råd mot det utenkelege


– Dei fleste opptrer rasjonelt i kriser. Det er ei myte at folk får panikk, sa forskar Lillian Katarina Stene under den nasjonale beredskapskonferansen på UiS 13. november.

Under det nasjonale beredskapsseminaret for universitets- og høgskulesektoren som blei arrangert på UiS den 13. november hadde UiS-forskar Lillian Katarina Stene mange gode råd å kome med om beredskap og korleis organisasjonar kan førebu seg på det utenkelege.

– Forsking viser at den som reddar deg i ei krise oftast er den som står ved sida av deg når krisa skjer, fortalte ho til dei godt og vel 80 deltakarane i salen.

I følgje forskaren kan folk som er på staden der krisa skjer, spele ei avgjerande rolle i «den gyldne timen» før naudetatane kjem til. Stene hadde mange gode råd å kome med til universitets- og høgskulerepresentantane:

– For å kunne møte det vi ikkje er førebudde på, må vi ha ein god arbeidsmetodikk. Ein god plan kan brukast uansett kva som skjer. Risikoanalyser bør gjerast på alle nivå i ein organisasjon og øvingane må vere reelle. Det er viktig å feile for å kunne lære, sa ho og la til at det er viktig å ha eit dynamisk risikobilete; at ein alltid oppdaterer seg på kva som kan kome til å skje.

Må datostemple tiltak
Også terrorforskar Sissel Haugdal Jore ved UiS tok til orde for at god beredskap er alfa omega. Organisasjonar må tenkje bredt rundt kva vondsinna handlingar kan vere og lage beredskapsplanar for fleire typar trusselbilete.

Leiaren for Senter for risikostyring og samfunnssikkerheit ved UiS, SEROS, var også oppteken av at ein ikkje kan beskytte seg mot alt heile tida.

– Tryggleikstiltak har ein pris og vi må vere merksame på om tiltaka gjer oss tryggare eller reddare, og om dei byggjer tillit eller mistillit, sa Jore.

– Hugs også at alle tiltak må datostemplast. Det er viktig å sette ein dato for når det er på tide å revurdere om tiltaka er nødvendige og om dei er i takt med trusselbiletet, sa ho.

Evakueringsøving
Under beredskapsseminaret var det også lagt inn ei evakueringsøving, der naudutgangane blei testa. Ein brannbil kom til staden og representantar frå brannvesenet i Sør-Rogaland evaluerte øvinga.

På konferansen snakka avdelingsdirektør Arne Lunde i Kunnskapsdepartementet om departementet sine forventningar til sektoren når det gjeld beredskap og representantar frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Nordland, NTNU og UiS delte av sine erfaringar med kriseøvingar. 

To masterstudentar ved UiS la også fram sitt arbeid med evaluering av ei øving i Kunnskapsdepartementet og Geir Sverre Braut, seniorrådgivar ved SUS og professor knytt til SEROS, drøfta kva som må til for at ein lærer av øvingar.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (17.11.2014)

Skriv ut artikkel print symbol