Sosialarbeid i ulike velferdsregimer


Korleis arbeider sosialarbeidarar innan ulike velferdssystem med familiar med komplekse behov? Det er tema for eit nytt internasjonalt forskingsprosjekt Institutt for sosialfag, UiS er med i.

Studien er forventa å gi eit bidrag til teoriutvikling omkring velferdsregimer og vilkåra profesjonar har som ”bakkebyråkratar”.

Den skal gi auka kunnskap om korleis utforminga av familiepolitikken påverkar familieomgrepet, familien som institusjon og korleis ulike partar forhandlar om kva ressursar sosialarbeidarar skal bidra med.

Det er forventa at studien skal gi meir kunnskap om korleis familien kan vere ein ressurs for godt sosialt arbeid. Prosjektet er derfor svært relevant for sosialpolitiske beslutningstakarar og for dei som arbeider med familiar med komplekse behov.

12,5 millionar
Løyvinga på 12, 5 millioner svenske kroner kjem frå NORFACE, som er eit samarbeid mellom europeiske forskingsråd.

Prosjektmidla blir delt i omlag like store deler mellom professor Siv Oltedal, Institutt for sosialfag, professor Susan White, Universitetet i Birmingham, Storbritannia og prosjektleiar professor Lennart Nygren, Universitetet i Umeå, Sverige.

Midla vil kunne finansiere to-tre forskarar ved kvart av dei tre samarbeidande universiteta.

Åtte land er med
Åtte land som representerar ulike velferdspolitiske modellar inngår i studien. Utanom Sverige, Norge og England er det Irland, Bulgaria, Litauen, Chile og Mexico.

Prosjektet samanliknar også ulike typer av sosialt arbeid med familiar innan barnevern, rusomsorg, arbeid med immigrantar og funksjonshemma.

Desse områda er sentrale i sosialt arbeid. Dei inneber ulike føresetnadar for korleis familiar blir involvert i det profesjonelle arbeidet. Studien bygger på nasjonal statistikk og styringsdokument frå dei aktuelle landa, ekspertintervju og fokusgruppeintervju med sosialarbeidarar.

 


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (24.10.2014)

Skriv ut artikkel print symbol