Avspark for GYPI-prosjektet


The Global Youth Peacebuilding Initiative (GYPI) er eit UiS-prosjekt som er del av Stavanger2008. Prosjektet set søkelys på inkludering av unge menneske i konflikttransformering, fredsbygging og forsoningsprosessar. Frå 24. til 29.februar er det workshop på UiS med internasjonale og lokale fasilitatorar.

Aksjonsforskingsprosjektet har ei budsjettramme på tre millionar kroner og er blant dei mest omfattande prosjekta UiS har i forbindelse kulturbyåret.

GYPI samarbeidar med organisasjonar og ungdommar i Guatemala, Sør Afrika, Israel, okkuperte Palestinske områder, og Burma (Thailand).

I Noreg samarbeider GYPI med PRESS – Redd Barnas Ungdomsgruppe i Sandnes og med ungdom frå Suldal. Ei kjernegruppe på mellom 25 og 30 ungdommar frå 15 til 18 år i kvart område er involvert i prosjektet. Ungdommane vil delta med aktivitetar og forsking, med utgangspunkt i sin lokale situasjon. Sentrale tema er barns menneskerettar og livskvalitet, tusenårsmåla i eit ungdomsperspektiv og konflikttransformering.

Ungdommar deltek
- No er vi klare for eit skikkeleg avspark i prosjektet. Saman med fasilitatorane frå dei ulike landa skal vi skape ei felles plattform og utveksle erfaringar og utfordringar om det å leve i konflikt og i land som har ” valdeleg fred”, fortel Lori Drummond-Mundal ved UiS, som leiar prosjektet saman med Elise Kipperberg ved Institutt for Sosialfag. Dei forskar begge innan samfunnsikkerheit.

Tysdag vil ungdommar frå Kongsgård vidaregåande skule i Stavanger også delta og orientere om ”lykkeundersøkinga” dei nyleg vann Holbergprisen med. Ungdommar frå PRESS i Sandnes skal fortelje om aksjonar dei har gjennomført . I tillegg til presentasjonar og diskusjonar består det seks dagar lange programmet også av ein ekskursjon til Suldal, kor det i september skal holdast ein fredsleir den fyste veka av GYPI Summit.

- Studentar som ønskjer å helse på deltakarane frå dei ulike landa er velkomne til å treffe dei i kantina i Kjell Arholms hus tysdag 26. februar klokka 12, fortel prosjektleiarane.

Konferanse og forsking
GYPI Summit vil holdast frå den 1. til den 13. september, og ungdommane vil vere på UiS den siste veka. Under samlinga vil deltakarane i prosjektet utveksle erfaringar om det å leve i konflikt og post-konflikt-situasjonar og analysere data dei har samla lokalt.

Ungdommane vil dessutan medverke på skulebesøk i Suldal og ved internasjonal helg 6. og 7. september i regi av Suldal kommune og Stavanger2008.

Den 9. september skal det avholdast ein konferanse på universitetet, der studentar ved UiS og ungdom frå vidaregåande skular i Rogaland blir spesielt invitert. Fokuset for konferansen er ungdom som aktørar i konflikt og i fredsbyggings- og forsoningsprosessar. Konferansen vil innehelde både presentasjonar frå ungdommane som deltek i GYPI prosjektet, samt innlegg frå internasjonale ekspertar.

Forskinga frå GYPI prosjektet vil så bli presentert for lokale og nasjonale myndigheiter i dei respektive land. Dokumentasjonen vil også bli oversendt til FN i anledning Det Internasjonale Tiåret for ein Fredskultur og Ikkje-vald for Verdas Barn (FNs erklæring for 2001-2010).

Heile programmet for workshopen (pdf, 45 kb)

GYPI-brosjyre på norsk (pdf, 1812 kb), engelsk (pdf, 1811 kb) og spansk (pdf, 1747 kb) 

Meir om UiS og Stavanger2008-prosjekt


Sist oppdatert av Silje Stangeland (25.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol