Bli med på årsfest på UiS


Onsdag 29. oktober fyller Universitetet i Stavanger 10 år. Studentar, tilsette og anna publikum er inviterte til feiring.

Denne dagen blir det mellom anna festtalar, promosjon av doktorar og utdeling av Lyses forskingspris. For fyrste gong på fem år vil det bli utnemning av æresdoktor. Det blir  god underhaldning ved Institutt for musikk og dans, mellom anna jazz.

Årsfesten er open for noverande og tidlegare studentar, tilsette og andre interesserte.

Dato: 29. oktober
Tid: 13.00-15.00
Stad: Tjodhallen, Kjølv Egelands hus ved UiS

Program:
Prosesjon med fanfare
Tale ved UiS-rektor Marit Boyesen
Helsing ved StOr-leiar Amund Thomassen
Festtale ved Finn Kjærsdam, professor emeritus og tidlegare rektor ved Aalborg universitet
Utdeling av Lyses forskingspris
Promosjon av doktorar
Utnemning av æresdoktor
Utdeling av Læringsmiljøprisen

Kake og kaffi i foajeen rundt kl. 14.30

Meld deg på.
 


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (17.10.2014)

Skriv ut artikkel print symbol