Vil hindre pasientskadar i helsevesenet


2.-3. oktober arrangerer forskingsgruppa Kvalitet og tryggleik i helsesystem ved UiS den tredje Nordiske forskingskonferansen om pasientsikkerheit og kvalitet i helsesektoren. Konferansen skal byggje bru mellom forskingsbasert kunnskap og klinisk praksis.

Døme på tema for innlegga på konferansen er innføring av teamtrening, sjekklister og evalueringsmetodar i helsesektoren. Konferansen vil by på den fremste nordiske forskinga innafor pasientsikkerheit og kvalitet i helsestellet.

Mål om eit betre helsevesen
Målet med all forsking innan pasientsikkerheit er å redusere talet på personar som dør eller blir skadd som følgje av feil behandling eller pleie. Konferansen rettar seg mot alle som er interesserte i pasientsikkerheit og kvalitet i helsestellet. Deltakarane kjem både frå helsesektoren og akademia.

Fristen for å melde seg på er 1. oktober.

Program og annan informasjon om den Nordiske forskingskonferansen om pasientsikkerheit og kvalitet i helsesektoren finn du på våre engelske konferansenettsider.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (03.10.2014)

Skriv ut artikkel print symbol