Vil forske på kiropraktikk


UiS og Stavanger Universitetssjukehus (SUS) har gått saman om å opprette to stipendiatstillingar innan kiropraktikk. - Ved å forske på kiropraktikk vil vi vere eit skritt føre om det blir vedtatt å opprette ei kiropraktorutdanning i Noreg, seier dekan Marit Boyesen ved det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiS.

- Vi har tatt tak i utfordringa og vil legge til rette for kompetanseutvikling innan kiropraktikk. Når Storting og Regjering bestemmer seg for å starte opp med ei slik utdanning så har vi etablert eit kunnskapsgrunnlag for det i Noreg, seier Boyesen.

Lang planlegging

UiS har i samarbeid med SUS og Norsk Kiropraktorforeining arbeida med plan for etablering av kiropraktorutdanning i Stavanger sidan 2003. Styret ved UiS (dåverande HiS) stilte seg i 2004 positive til utredning, planlegging og initiativ overfor eksterne beslutnings- og samarbeidsarenaer med sikte på etablering av kiropraktorutdanning ved det komande Universitetet i Stavanger.

I 2005/2006 utarbeida Sosial- og helsedirektoratet ei utredning om eventuell kiropraktorutdanning i Noreg. Bakgrunnen for utredninga var behandlinga av Utdannings- og forskingsdepartementets budsjettinnstilling i 2005 der Stortinget ba Regjeringa om å legge til rette for å etablere eit kiropraktorstudium i Noreg.

Ein einstemmig Kirke-, utdannings- og forskingskomité stilte seg så bak ein merknad til Statsbudsjettet 2008 der komiteen viser til at Stortinget har vært pådrivar for kiropraktikkens utvikling og posisjon gjennom ei rekke suksessive vedtak over ein 30-årsperiode, og blant dei vedtaket ”Storting ber Regjering legge til rette for ei kiropraktorutdanning ved ei norsk universitet”.

Stort behov i Noreg
Marit Boyesen er einig med komiteens vurdering av behovet for ei kiropraktorutdanning i Noreg.

- Behovet er stort. Muskel- og skjelettplager er ei viktig årsak til sjukemeldingar og uførepensjonar i Noreg samstundes som om lag 250 nordmenn studerer kiropraktikk i utlandet. Det er heilt klart behov for ei slik utdanning i Noreg, og då aller helst i Stavanger, seier ho.

Komiteen har bedt om at det leggast til rette for etablering av kiropraktorutdanning i Noreg gjennom etablering av forsking på feltet og dermed oppbygging av lærarkrefter til ei slik utdanning.

Dei to forskarane innan kiropraktikk ved UiS og SUS vil vere på plass frå i haust. UiS vil frå 2009 også etablere ein professor II-stilling innan fagfeltet.

UiS og SUS ønskjer med dette å bidra til forsking og kompetanseutvikling av lærekrefter til ei etablering av kiropraktorutdanning i Noreg. Arbeidet vil gå føre seg i nært samarbeid med Norsk Kiropraktorforening.

Treng forskingsmiljø
Sentralstyremedlem Jakob Lothe i Norsk Kiropraktorforening meiner at UiS og SUS no tar viktige steg i prosessen med å få kiropraktorutdanninga til Stavanger.

- Forsking og utdanning samla på eit universitetet vil gi ein synergieffekt. Hittil har den nasjonale forskinga vore snevra inn på grunn av mangel på norske forskingsmiljø. Vi ser med stor glede på at det no blir bygd eit slikt miljø, seier han, og understreker at foreininga gjennom ein årrekke har hatt ein nær og god dialog med UiS i denne saka.

UiS er proaktive
Torfinn Opheim (Ap), som sit på Rogalandsbenken på Stortinget, seier at opprettinga av dei to stipendiatstillingane er med på å leggje eit veldig godt grunnlag for den vidare prosessen.

- Eg arbeider for å få Storting og Regjering til å etablere ei kiropraktorutdanning i Noreg. At denne bør vere i Stavanger har eg aldri lagt skjul på, seier Torfinn Opheim.

- UiS har ei proaktiv haldning som gjer det lettare for oss politikarar i denne saka.

Sist oppdatert av (13.02.2008)

Skriv ut artikkel print symbol