Tek med seg kompetansen heim


Denne våren gjorde Hilda Choque Flores (26) det som for hennar landsmenn ikkje er anna enn utenkjeleg. Ho gjorde seg ferdig med ein master i petroleum ved UiS.

– Dette er ein spesiell dag for meg og for min familie. Den markerer starten på eit nytt liv, seier Hilda Choque Flores.

Mottok mastervitnemålet
Ho kjem frå ein fattig gruvearbeidarfamilie i Bolivia, der faren kun tener seks kroner dagen for mange timar med slit i kopargruvene like utanfor La Paz. Faren Alejandro har jobba hardt for å få ungane sine opp og fram, og no har to av dei vorte ingeniørar. Han hadde teke den lange turen frå Bolivia for å vere med på Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet sin mastergradseremoni i Tjodhallen.

Saman med andre stolte og rørte fedrar, var han vitne til at dottera endeleg mottok vitnemålet sitt som seier at ho har fullført masteren i petroleumsteknologi.

Inspirerande talar
Gårsdagens seremoni inneheldt alt det ein avslutningsseremoni skal av musikalske innslag og inspirerande talar. Sjølv om han ikkje forstod mykje, var Alejandro vitne til velkomsttalen til dekan Øystein Lund Bø, og han fekk med seg utdelinga av Tekna sine studentpris som gjekk til Farid Taghiyev og utdanningsprisen som gjekk til Aqua Team COWI.

I tillegg fekk han med seg Talisman Energy sin beste student-pris som gjekk til Farid Taghiyev, Erling Strand og Jan Ormeloh, samt den nye prisen for beste førelesar som gjekk til Eirik Bjorheim Abrahamsen. Men for familien Flores handla gårsdagen ikkje like mykje om talar og prisutdeling, men mest om ein stor draum som gjekk i oppfylling, og ein dag full av glede.

– Unik historie
Mor til Hilda døydde då ho var ung. Ho hadde ein draum om å verte ingeniør, men den sterke kulturen i heimlandet hindra ho i det. Ved hjelp av NORAD gjennom «programmet EnPe- Energi og petroleum», UiS og god stønad frå faren, har Hilda no oppfylt mora sin store draum – ho har fullført masteren i petroleumsteknologi.

– Det er ikkje vanleg at jenter tek utdanning i Bolivia, i alle fall ikkje på så høgt nivå. Hilda si historie er difor svært spesiell, fortel Terje Frøiland som er leiar for hjelpeprosjektet som har gjort det heile mogleg.

Det uverkelege hadde nemleg ikkje vorte verkeleg, om det ikkje var for eit hjelpeprosjekt i regi av Universitetet i Stavanger (UiS). Hjelpeprosjektet vart gjennomført ved Universität Mayor de San Andrés (UMSA) i La Paz i Bolivia mellom 2009-2014 og vart finansiert gjennom NORAD sitt program «EnPe». Hilda var den beste i sitt bachelorkull ved UMSA, og vart difor valt ut til å få stipend til å kunne ta mastergrad ved UiS.

Med kunnskap i bagasjen
I staden for å skaffe seg ein godt betalt jobb som petroleumsingeniør i Europa, vel Hilda no å reise heim til UMSA for å utdanne Bolivias eigne petroleumsingeniørar.

– For meg personleg er det viktigare å nytte kompetansen eg no har opparbeida meg ved UiS og på den måten gje noko tilbake til heimlandet mitt, enn at eg skal ha ei kjempehøg løn og jage etter den beste karriera, seier ho.

I oktober vert hjelpeprosjektet avslutta, og Frøiland skal reise til Bolivia for å vere med å feire det første kullet som nokon sinne er uteksaminert i master i petroleumsteknologi i Bolivia.

UiS gir tilbake
Frøiland fortel at det er ein del av strategien til UiS å vera eit universitet som gir noko tilbake, ikkje berre til regionen, men også til verdssamfunnet. NORAD har støtta prosjektet med seks millionar kroner over fem år.

I går vedtok styret for EnPe-programmet å tildele 9 nye millionar kroner til eit nytt tilsvarande prosjekt på UMSA i regi av UiS, med professor Udo Zimmermann som prosjektleiar. Målet er å byggje opp kompetansen samt redusere fattigdommen i landet.

– Dette er for at dei skal kunne nyttiggjere seg av desse ressursane på ein betre måte enn dei gjer i dag. Utan at dei skal vere avhengige av multinasjonale selskap, som gjerne har ein tendens til å stikke snabelen inn i ressursane og stikke av med fortenesta, og som så forlèt landet med ingenting igjen til folket som bur der, seier Frøiland.


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (18.06.2014)

Skriv ut artikkel print symbol