Styremøte 12. juni 2014


UiS si finansiering, studieportefølje og søketall, samt forsking og innovasjon er blant sakene som står på kartet til styremøtet 12. juni.

Møtet går føre seg på styrerommet i Arne Rettedals hus (4. etasje) og startar klokka 10.00.

Sjå heile sakslista her

Ei viktig sak gjeld førebels fordeling av statleg finansiering i 2015 med treårig prognose og bemanningsplan. Universitetsdirektøren har utarbeidd førebelse interne finansieringsrammer som han foreslår at styret godkjenner. Fordelinga tek utgangspunkt i ei statsløyving på 1.173 millionar kroner for 2015.

Direktøren foreslår i tillegg at:

  • Studentinnbetalinga blir sett til 650 kroner for både våren og hausten 2015.
  • 11 millionar kroner vert sett av til strategiske satsingar, mellom anna styrking av tverrgåande satsingsområder
  • Tilskott til studentaktiviteter og –samskipnad vert auka med 220 000 kroner i 2015
  • Ein halv million kroner vert satt av til eventuelle omstillingstiltak i 2015
  • Fem millionar kroner blir sett av til ekstraordinære investeringar og kjøp av utstyr i fakulteta og museet i 2015
  • Styret føreset at fakulteta og museet set av minst seks millionar kroner til vidare oppfølging og styrking av programområde innanfor forsking
  • Utteljinga for gjennomførte utvekslingsopphald blir dobla frå 7500 til 15 000 kroner per student frå og med 2015
  • Styret ber universitetsdirektøren om å evaluere den interne budsjettfordelingsmodellen og andre relevante deler av den overordna økonomistyringa ved UiS
  • Styret føreset at fakulteta og museet set av tilstrekkelege midlar for å kunne godkjenne forskingsterminar i minst like stort omfang som i 2013/2014

Forskning og innovasjon
I sak om forskinga ved UiS legg direktøren fram statusrapport for desse aktivitetane. Han foreslår at årsrapportane frå programområda for forsking og forskingssentera. I tillegg foreslår han å utvikle forslag til modeller for tildeling av undervisnings- og forskingstid.

Det kjem også ei statusrapport om innovasjon på styret sitt bord. Universitetsdirektøren slår fast at det er god framgang i dette arbeidet og ber styret ta rapporten til etterretning.

Søking og studieprogram
Direktøren legg fram orientering om studentsøkinga til UiS, med tal for samordna opptak, lokalt opptak og internasjonalt opptak. Direktøren ber styret ta rapporten til orientering.

Ei anna sak tek for seg studietilbodet ved UiS og opptaksramma for 2015-2016. Direktøren legg fram ei ramme for 2015, basert på innspel frå fakulteta, som han ber styret vedta. Han ber også om at fakulteta får rom til å omdisponere opptakstalla, vel å merke innanfor rammene dei har fått.

Direktøren vil i tillegg be fakulteta om å «overbooke» i opptaket, slik at den fastsette ramma for studenttal vert oppnådd.

Nytt masterprogram
Eit nytt studieprogram ligg til godkjenning. Det gjelder eit masterstudium kalt «Pre Hospital Critical Care». Det er planlagd som eit oppdragsfinansiert deltidsstudium i regi av UiS EVU (etter- og vidareutdanning). Studiet kan starte opp allereie til hausten.

Ei tilsetjingssak står også på planen. Det gjelder ny leiar på Institutt for økonomi, risikostyring og planlegging ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Universitetsdirektøren har også ei sak om lokale lønnsforhandlingar. Han ber om fullmakt til å gå ut over den sentralt fastsette potten med inntil 30.000 kroner. Elles ber han styret ta saka til orientering.

Nye doktorar
Følgjande personar skal bli tildelt graden philosophia doctor på styremøtet:

  • Zhenpeng Luo
  • Siv Måseidvåg Gamlem
  • Hossein Ali Akhlaghi Amiri
  • Moustafa Dernaika
  • Venke Furre Haaland
  • Pål Østebø
  • Lasya Priya
  • Alf Kristian Gjerstad

Meir informasjon om styremøta på UiS  


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.06.2014)

Skriv ut artikkel print symbol