Storfint besøk på UiS


Rektor Marit Boyesen hadde gleda av å ta imot Abel-prisvinnar Yakov G. Sinai og rektor Gunnar Bovim ved NTNU på Universitetet førre torsdag.

Torsdag 22. Mai hadde Universitetet i Stavanger (UiS) storfint besøk av vinnaren av årets Abel-pris, Yakov G. Sinai. Som markering av tildelinga, vart det blant anna arrangert ein matematikkdag for barn på Vitenfabrikken i Sandnes, der også prisvinnaren sjølv dukka opp.

Klokka 14.30 same dag haldt Sinai føredraget «Navier-Stokes system and Renormalization Group Method» på UiS, som var ope for alle interesserte. Sinai er tilsett ved Universitetet i Princeton i USA og Laundau-instituttet for teoretisk fysikk ved Det russiske vitenskapsakademi.

Banebrytande resultat
Russaren er ein av 1900-talets mest framståande matematikarar, og har oppnådd ei lang rekkje banebrytande resultat innanfor teorien om dynamiske system, matematisk fysikk og sannsynsteori. No har han også vorte tildelt Abelprisen for 2014 av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Han besøkte Stavanger-regionen førre torsdag, før han hasta vidare for å delta på ei ny markering i Oslo dagen etter. Men før han reiste vidare til hovudstaden, rakk han å delta på ein festmiddag i regi av Stavanger kommune på Ledaal. I tillegg rakk han å møte UiS-rektor Marit Boyesen, som tok imot prisvinnaren saman med NTNU-rektor Gunnar Bovim, som også var på besøk denne dagen.


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (26.05.2014)

Skriv ut artikkel print symbol