Filmframsyning om problembarn


Universitetet i Stavanger inviterer til framsyning av dokumentarfilmen ”Problembarna” torsdag 31. januar. Filmen tek opp korleis ungdommar opplever fordommar knytt til det å vakse opp i barne- og fosterheim. Etter visninga blir det fagleg diskusjon.

Regissør Pål Winsents har laga ein personleg film om det å sette seg i stand til livet etter fylte 18 år. Filmen ”Problembarna” hadde premiere i november i fjor.

No inviterer UiS studentar på institutt for sosialfag, barnevernstenester, barnevernsinstitusjonar, fosterheimsforeiningar og andre til den gratis visninga som finn stad i Auditorium A3 i Kjell Arholms hus på universitetsområdet klokka 12.

Etter filmframsyninga, som varer i om lag ein time, blir det refleksjon ved regissøren, barnevernsungdommane Erkki og Sandra frå filmen og deretter kommentarar frå salen. Til sist på programmet står kulturelle innslag med Erkkis songar og Sandras dikt om livet. Det heile avsluttast klokka 14.

- Dei er barnevernsbarn og blir gjerne omtalt som verstingar og problembarn. Personar som seier og gjer ting som forskrekkar og valdar skam, og særleg for den familien eller gruppa dei høyrer til. No bærer dei på ein draum – om sjølv å nyansere biletet av seg sjølv og sin bakgrunn, fortel regissør Pål Winsents, som oppmodar publikum til å ta ordet etter visninga av filmen.

Les meir om filmen

Sist oppdatert av Silje Stangeland (25.01.2008)

Skriv ut artikkel print symbol