Omsorg er tydelegaste verdien i barnehagar


Omsorg er den verdien som er mest vektlagt, medan demokrati kjem i bakgrunnen, viser forsking gjort i sju norske barnehagar.

I 2010 starta Universitetet i Stavanger eit samarbeidsprosjekt kor sju barnehagar i Rogaland har deltatt. No er rapporten «Verdier i barnehagen. Mellom ideal og realiteter» overlevert til styrane i dei deltagande barnehagane. 

Målet for prosjektet var å sjå nærare på korleis verdiar blir kommunisert mellom vaksne og barn. I tillegg ville prosjektet støtte opp under og utfordre dei vaksne sitt arbeid med verdiar i barnehagen.

Omsorg viktigast
Forskarane har observert situasjonar i barnehagen og intervjua dei tilsette. Dei har sett korleis verdiar vert kommunisert i leik og garderobesituasjonar. Konklusjonen er at etiske verdiar og omsorg er prioriterte verdiar, medan verdien demokrati kjem i andre rekkje.

- At omsorg står så sentralt har kanskje ein samanheng med at det er eit kvinnedominert yrke, seier Eva Johansson som er prosjektleiar og professor ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved UiS.

Vidare viser resultata at omsorg og andre verdiar som oftast er kommunisert mellom ein vaksen og eit barn, og at verdiane ikkje er like sterkt kommunisert i fellesskap.

Forskarane meiner ei mogleg forklaring på ei overvekt på individuelt fokus, er at vi lever i ein kultur kor individet står sterkt.


Forskarane meiner både kollektive og individuelt orienterte verdiar må ha ein naturleg plass i barnehagen, medan studien antyder at kollektive verdiar kjem i bakgrunnen.

- Viss det stemmer, er det viktig å spørje seg på kva grunnlag dette har skjedd, men og korleis desse verdiane kan tas attende.

Effektivitet som verdi
Forskarane fann og at kravet om effektivitet kan påverke prioritering av andre verdiar.

- Vaksne syntes fanga av effektivitetskrav og tidspress. Situasjonen skal vera avklart så fort og friksjonsfritt som mogleg. I staden for omsorg kjem meir institusjonelle krav fram, der effektivitet vert ein viktig verdi, heiter det i presentasjonen.

Den empiriske fasen i studien var to barnehageår, og i denne perioden arbeida dei tilsette med verdiar på ulike måtar. Forskarane har blant anna nytta observasjon og intervju i datakonstruksjonen.

Del av nordisk prosjekt
Det var Universitetet i Stavagner som i 2010 tok initiativ til prosjektet som er delvis finansiert av kommunane, barnehagane og UiS. I 2013 blei prosjektet utvida til eit nordisk prosjekt, «Values education in Nordic preschools: Basis of education for tomorrow» med støtte frå NordForsk. Den nordiske delen av prosjektet kjem til å halde fram ut 2015.

No skal forskarane i dei ulike nordiske landa arbeida vidare med ulike former av datakonstruksjon, og blant anna sjå på korleis verdiar vert kommunisert i norske barnehagar samanlikna med andre nordiske land.

Les meir om det nordiske prosjektet her.

Referanse:

Johansson, E.,  Fugelsnes, K., Mørkeseth, Ianke, E., Röthle, M., Tofteland, B., & Zachrisen, B.(2014). Verdier i barnehagen Mellom ideal og realiteter. Rapport nr. 43. Stavanger: Universitetet i Stavanger.


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (17.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol