UiS på Startup Weekend


Senter for entreprenørskap er på plass når unge gründerar møtast på Startup Weekend Stavanger til helga.

UiS er blant sponsorane til Startup Weekend, der mellom anna romfart er tema. Senter for entreprenørskap vere representert på Vitenfabrikken i Sandnes.

Startup Weekend er ein 54 timar lang konkurranse. Håpefulle unge entreprenørar møtast for å utvikle ein forretningsidé til eit oppstartsforetak i løpet av ei helg. Målet er å utvikle eit forretningskonsept, prototype og kapre dei første kundane.

Globalt er Startup Weekend den raskast voksande organisasjonen som jobbar med å fremme entreprenørskap. Første arrangement fant stad i Norge i 2010, og no er organisasjonen etablert i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Les meir om Senter for entreprenørskap

Les meir om Startup Weekend Stavanger


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (22.01.2014)

Skriv ut artikkel print symbol