14 stipendiatstillingar til UiS


Universitetet i Stavanger får 14 stipendiatstillingar i statsbudsjettet for 2014. Rektor Marit Boyesen gler seg over rekordtildelinga til UiS.

– Dette blir eit løft for oss. Vi får håpe dette er starten på den utjamninga vi som nye universitet har ønskt oss, seier Boyesen om tildelinga.

I dei raudgrøne sitt budsjettforslag tidlegare i haust låg det inne 60 stipendiatstillingar, der berre fire gjekk til UiS.

Men i tildelinga av 88 nye stipendiatar frå den noverande regjeringa har UiS fått 10 stipendiatar til, slik at talet kan oppjusterast til 14.

Fordelinga til universiteta
Medan Universitetet i Bergen får 16 stipendiatar, får Noregs teknisk-naturvitskaplege universitetet 29 totalt og Universitetet i Oslo 26.

Universitetet i Agder får 13 stipendiatar totalt og Universitetet for miljø- og biovitskap får åtte. Universitetet i Nordland har fått seks og Universitetet i Tromsø får fem.

Profesjon, realfag og teknologi
Av dei ti stipendiatstillingane som no har kome vil seks gå til matematikk, naturvitskap og teknologi og fire til profesjonsfag. Sjølve fordelinga av stillingane på UiS vil bli gjort seinare.

Dei fire stipendiatane som UiS fekk tidlegare i år er allereie fordelt; ein vil gå til det nye senteret for auka oljeutvinning, ein til helsefag, ein til sosialfag og ein til utdanningsvitskap.

Les også: 100 nye stipendiatar i forliket
Les også: Skuffa over statsbudsjettet 2014


Sist oppdatert av Håkon Hapnes Strand (20.12.2013)

Skriv ut artikkel print symbol