100 nye stipendiatar i forliket


I eit forlik mellom regjeringa og KrF og Venstre før helga vart det klart at det kjem 100 ekstra stipendiater på statsbudsjettet for 2014.

Fordelinga av desse stillingane på dei ulike institusjonane blir gjort seinare, så det er førebels ikkje klart kor mange som går til Universitetet i Stavanger.

Leiinga har mange gonger gjort det klart at UiS har ledig kapasitet til rettleiing av ph.d.-studentar. Rektor Marit Boyesen var skuffa då UiS berre fekk fire av 60 stipendiatar i den raugrøne regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett i oktober.  

I budsjettforliket vart det også klart at 11 månaders støtte til studentane ikkje blir innført i 2014. Det er studentane sine organisasjonar sterkt misnøgde med.

Samstundes er fleirtalspartia einige om å setje i gang ei utgreiing av studentane sine levekår med sikte på å realisera heiltidsstudenten. Det skal lagast ein plan for auke av studiestøtta. 

Regjeringa skal også vurdere ei såkornordning for TTO/inkubatorar til budsjettet i 2015.

Her er alle endringane i budsjettforliket

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (18.11.2013)

Skriv ut artikkel print symbol