2,4 millionar meir til UiS i resultatbasert finansiering


I regjeringa sitt forslag til endringar i statsbudsjettet for 2014 er det sett av 100 millionar kroner meir til resultatbasert finansiering av universitet og høgskular. For UiS betyr det 2,4 millionar kroner meir i finansiering.

I tilleggsproposisjonen for statsbudsjettet 2014 som blei lagt fram i dag, tek regjeringa til orde for å auke grunnfinansieringa av universitet og høgskular og den resultatbaserte delen av finansieringa til sektoren.

Regjeringa vil auke betalinga for oppnådde forskingsresultat med 100 millionar kroner. For UiS betyr dette ei auke på 2,4 millionar kroner, basert på resultata frå 2012.

Mindre til barnevern
Når det gjeld bachelor-studiet i barnevern vil regjeringa Solberg ikkje oppjustere finansieringskategorien til studiet frå F til E, slik Stoltenberg-regjeringa foreslo. Regjeringa ønskjer ikkje å heve einskilde utdanningar på det sosialfaglege feltet samstundes som det blir jobba med å styrke samspelet mellom desse utdanningane.

Barnevernsstudiet ved UiS kan dermed gå glipp av dei 1,36 millionane dei blei førespegla i forslaget frå den avgåtte regjeringa.  
 
Meir til lærarløft
I forslaget frå regjeringa ligg det samstundes 50 millionar kroner til etter- og vidareutdanning for lærarar. Regjeringa vil betre universiteta og høgskulane sin kompetanse og kapasitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar som del av regjeringa sitt lærarløft.

Regjeringa har sett av 312 millionar til lærarløftet.

Mistar studiestøtta
For studentane betyr forslaget til endringar i statsbudsjettet at studiestøtte i 11 månader likevel ikkje blir realisert. Regjeringa legg ikkje opp til innføring av 11 månaders studiestøtte, men vil heller auke studentane si kjøpekraft med eit samla løft i basisstøtta på 3,65 prosent.

Det reagerer StOr-leiar Håkon Ohren på.

– At 11 månaders studiestøtte vert kutta er særs uheldig. Auke av studiestøtta er ei sak studentrørsla har kjempa for i ei årrekkje. Høyre og Frp, som i opposisjon har kritisert den raudgrøne regjeringa for ikkje å innføre 11 månaders studiestøtte no endrar framlegget, er nesten uforståeleg, seier han.

– Unik sjanse
– Dei skuslar bort ein unik sjanse til verkeleg å gjenopplive heiltidsstudenten, satse på studentane og få dei ut av deltidsjobbane og inn igjen på lesesalane. Dette ville ført til at studiekvaliteten og kvaliteten på uteksaminerte kandidatar ville blitt heva, seier Ohren.

I tillegg foreslår regjeringa å utreide om det bør bli ei studieavgift for utanlandske studentar.

Utstyr og nærings-ph.d-ar
Regjeringa legg også opp til 50 nye stillingar i nærings-ph.d-ordninga og en tilsvarande ordning som blir etablert for offentlig sektor.

50 millionar skal også gå til utstyr knytt til ingeniørutdanningane og regjeringa vil også styrke petroleumsrelatert forsking. 

For å auke kapasiteten i kompetanseutviklingstilboda, vil regjeringa også utvikle nettbaserte vidareutdanningstilbod, mellom anna gjennom bruk av internettbaserte opne nettkurs (Massive Open Online Courses - MOOC). 10 millionar kroner skal brukas på eit utviklingsprosjekt.

Les meir:

- Skuffa over statsbudsjettet

Pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.11.2013)

Skriv ut artikkel print symbol