Suksess for EVU-master i sikkerheitsleiing


Den skreddarsydde masteren i risikostyring og sikkerheitsleiing i regi av UiS etter- og vidareutdanning er ein stor suksess. Masteren er så populær at det allereie no er ventelister på grunnmodulen fram til 2015.

– Vi har opplevd ein enorm respons på denne masteren, fortel rådgivar Frode Leidland ved UiS etter- og vidareutdanning, (UIS EVU).

Frå 2012 til 2013 auka talet på studentar på studiet frå 271 til 426, noko som er ei auke på nærmare 60 prosent.

– Det er tydeleg at vi svarar på eit stort behov i marknaden, seier Leidland.

På grunnmodulen er det allereie 40 kandidatar på ventelister. Det betyr at nokre må vente til våren 2015 før dei får ta sjølve grunnmodulen.

Skreddarsydd tilbod
Gjennom den skreddarsydde masteren på 90 studiepoeng får kandidatane kunnskapar om korleis dei kan handtere utfordringar knytt til sikkerheit på sin eigen arbeidsplass. Masteren tek utgangspunkt i at truslar mot samfunnet sin tryggleik er natur- og menneskeskapte.

På studiet blir utfordringar knytt til terrorisme, organisert kriminalitet, klimaendringar og sårbar infrastruktur drøfta.

Leidland meiner modellen som blir brukt på betalingsstudiet er robust fordi kandidatane sjølv kan skreddarsy den valfrie delen av studiet. Dermed kan dei ta kurs som er svært relevante for eigen arbeidsplass.

Masteren rettar seg særleg mot tilsette i offentleg og privat verksemd som jobbar med sikkerheit til dagleg. På studiet er det mellom anna kandidatar frå både luftfartsindustrien, oljeindustrien, politiet, forsvaret og helsevesenet.

I tillegg til ein valfri del på 40 studiepoeng, skal kandidatane også gjennom ein grunnmodul på 20 studiepoeng og dei skal levere ei masteroppgåve som tel 30 studiepoeng.

Frå heile landet
Kandidatane på masteren i risikostyring og sikkerheitsleiing kjem frå heile landet. Nærmare 60 prosent kjem frå andre fylker enn Rogaland, og særleg mange kandidatar kjem frå Vestlandet og Østlandet.

Det synest Leidland er svært gledeleg. Han meiner det viser at tilbodet har blitt godt kjent i marknaden og at studiet har vist seg å vere svært relevant for målgruppa.

Masterstudiet i risikostyring og sikkerheitsleiing er bygd opp som eit tverrfagleg betalingsstudium knytt til Senter for risikostyring og samfunnssikkerheit (SEROS) ved UiS.

Les meir om masteren i risikostyring og sikkerheitsleiing
Les også: Ny skreddersydd master i risikostyring og sikkerhetsledelse


Sist oppdatert av Silje Stangeland (30.10.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Mann som balanserer på line (illustrasjonsfoto)
SIKKERHEIT POPULÆRT: Gjennom den skreddarsydde masteren på 90 studiepoeng får kandidatane kunnskapar om korleis dei kan handtere utfordringar knytt til sikkerheit på sin eigen arbeidsplass. (Illustrasjonsfoto)

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER