Sauer, hus og ontologisk status i bronsealderen


8. oktober kl. 12.15 blir det forskingsseminar på Arkeologisk museum. Arkeolog Kristin Armstrong Oma vil halde føredrag om samspel mellom sauer og bønder i eldre bronsealder.

Kristin Armstrong Oma tar utgangspunkt i arkitektoniske val når ho diskuterer samspelet. I eldre bronsealder endra byggeskikken på garden seg frå to-skipa til tre-skipa langhus. Kvifor dette skjedde er ei gåte, men fleire arkeologar har foreslått at den underliggande orsaka er at tamdyr vart husdyr, det vil sei at dei fysisk vart tekne inn i hus som tidlegare var reine menneskebustader. Teoriar frå Human-Animal Studies og posthumanisme vert diskutert for å underbygga sauen sin status som agent i denne brytningstida, og for å utfordra det ontologiske rammeverket som set opp ei kunstig skiljelinje mellom menneske på den eine sida og dyr på den andre.

Føredraget finn stad på møterom 1,2,3 på Arkeologisk museum.
 


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (08.10.2013)

Skriv ut artikkel print symbol