Workshop om kjønn i profesjonsutdanningar


Utfordringar knytt til kjønn i profesjonsutdanningar er tema når Universitetet i Agder, Høgskolen Stord-Haugesund, Foreining for kjønnsforsking i Norge og UiS inviterer til ein workshop i etterkant av konferansen «Kjønnsforskning NÅ!».

Workshopen blir arrangert tysdag 5. november frå klokka 14 til 17, etter konferansen «Kjønnsforskning NÅ!».

Målet med workshopen er å løfte fram utfordringar knytt til kjønn i profesjonsutdanningar, og å få etablert samarbeid på tvers av institusjonar og faggrenser.

På programmet står mellom anna ein paneldiskusjon med Rannveig Dahle (NOVA), Ulla-Britt Lilleås (UiA/UiO), Lise Langåker (HSH), Ingerid Bø (UiS), Febe Friberg (UiS) og Svanaug Fjær (UiS). Ordstyrar for paneldebatten er Kari Nyheim Solbrække, leiar av Foreining for kjønnsforsking i Norge.

Workshopen er gratis, men dei som er interesserte bes melde seg på til fredrik.langeland@uis.no innan 15. oktober.

Arrangementet er opent for alle interesserte.

Program for workshopen:
14.00-14.15: Velkommen
14.15-14.45: Kjønn i teknisk-naturvitenskapelige fag/fagmiljø: PhD stipendiat Marianne Løken (UiO)
14.45-15.00: Spørsmål og diskusjon med salen
15.00-15.30: Kjønn i profesjonsutdanningene innenfor helse- og sosialfag: førsteamanuensis Åse Vagli (UiS)
15.30-15.45: Spørsmål og diskusjon med salen
15.45-16.00: Kaffepause
16.00-17.00: Paneldiskusjon. I panelet: Rannveig Dahle (NOVA), Ulla-Britt Lilleås (UiA/UiO), Lise Langåker (HSH), Ingerid Bø (UiS), Febe Friberg (UiS) og Svanaug Fjær (UiS). Ordstyrer: Kari Nyheim Solbrække (UiO)

Velkommen!


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (20.10.2016)

Skriv ut artikkel print symbol