Kjønn og likestilling i dag


Den 4. og 5. november blir konferansen «Kjønnsforskning NÅ!» arrangert ved UiS. På konferansen vil forskarar og studentar drøfte dagsaktuelle tema frå fagfeltet. Keynote-foredraga er opne for alle interesserte!

– Konferansen skal gi eit innblikk i kva som rører seg innanfor kjønnsforskingsfeltet no for tida. Mellom anna vil medlem av likestillingsutvalet, dr. Helga Eggebø, halde eit opningsføredrag om likestillinga si utfordringar hundre år etter at kvinner i Noreg fekk stemmerett, fortel Ingvil Hellstrand, som er fungerande leiar for Nettverk for kjønnsforsking ved UiS.

Det er Nettverk for kjønnsforsking som arrangerer konferansen i samarbeid med Senter for likestilling ved Universitetet i Agder.

Deltakarane skal bidra
Ifølgje Hellestrand består konferansen av fleire gruppesesjonar, der deltakarane får presentere det dei jobbar med for tida.

– Forskar Stine Helena Bang Svendsen frå NTNU vil halde ei innleiing om affekt som analysestrategi. Resten av programmet inviterer vi deltakarane med på å forme, seier Hellstrand, som håper så mange som mogleg meld deg seg på konferansen.

Har du lyst til å bidra med di forsking? Då må du sende eit abstract på 300 ord til kjonnsforskning@uis.no. Det er også mogleg å melde på eit panel med deltakarar frå eit fagmiljø.

For studentar og forskarar
Konferansen rettar seg mot forskarar og studentar som jobbar med eller som har interesse for kjønnsforsking.

Konferanseavgifta er 1000 kroner inklusive moms. Dette inkluderer lunsj og middag med drikke. Om du berre ønskjer lunsj kostar det 450 kroner inklusive moms. Avgifta inkluderer kaffe og te, frukt og lunsj begge dagene.

Keynote-foredraga er opne for alle interesserte! Det gjeld:

Likestillingens utfordringer i 2013 av dr. Helga Eggebø mandag 4. november kl. 12.30-13.45
Forskning i affekt? av Stine Helena Bang Svendsen (NTNU) tirsdag 5. november kl. 09.00-10.00.

Begge foredraga skal vere i auditorium 2, Kjell Arholms hus. 

I etterkant av konferansen vil det også bli arrangert ein workshop med temaet «kjønn i profesjonsutdanningane». Workshopen blir arrangert 5. november frå klokka 14 til 17.

Les meir om workshopen

 


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (07.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol