10 millionar til studentbustader frå Universitetsfondet


Prosjektet «Rom for studentar» fekk i går 10 millionar kroner frå Universitetsfondet. Dermed er dugnaden for fleire studentbustadar i gang.

Stavanger-regionen har ein bustadmarknad med høgt press og få bustader reservert for studentar. Sjølv om fleire flotte husvære har reist seg på campus dei siste åra, er byggetakta for sein.

Difor har Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) tatt initiativ til ein regional dugnad for å få fleire studentbustadar enn tilsegna frå Kunnskapsdepartementet gir muligheit til. Nye og supplerande verkemiddel skal takast i bruk for å finansiere fleire studentbustadprosjekt.

Målet er framdrift i utbygging av permanente bustader reservert for studentar til studentvenlege prisar.

Ein komité arbeider med denne saka og det første resultatet er allereie kome. I går løyva Universitetsfondet 10 millionar kroner til saka, håpet er at næringslivet vil følge etter.

Les meir om prosjektet

 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (23.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol