Ny bok om verdshandelen


I ei ny bok frå UiS- og IRIS-forskarar blir forståinga av handelspolitikken diskutert. Forfattarane argumenterer for at forståinga må ta omsyn til at handelspolitikken er ein blanding av både innanriks- og utanrikspolitikk.

Boka har tittelen «International Trade Negotiations and Domestic Politics» og UiS-professor Oluf Langhelle er redaktør. Også førsteamanuensis ved UiS, Arild Aurvåg Farsund, og forskingsleiar ved IRIS, Hilmar Rommetvedt, har gitt sine bidrag til boka frå Routledge.

Drøftar paradoks
I dag blir internasjonal handelspolitikk utforma på tre arenaer som har tett kopla dagsordenar. For det første fungerer Verdas handelsorganisasjon (WTO) som eit juridisk og institusjonelt rammeverk for handel over landegrenser. Saman med ulike program for overvaking av medlemslanda sin handelspolitiske praksis, sikrar regelverket i WTO og fortolkinga av dette, i stor grad at verdshandelen blir forutsigbar.

Samstundes har forhandlingane i den såkalla Doha-runden, ein omfattande forhandlingsrunde om liberalisering, blitt satt på vent. Mest fordi USA, India og Kina ikkje blir einige på sentrale område.

For det tredje satsar særleg USA og EU på å forhandle fram bilaterale frihandelsavtalar som tillegg til det multilaterale avtaleverket.

I boka rettar forfattarane merksemda mot eit tilsynelatande paradoks: trass i at økonomiske analysar viser at fordelane med auka liberalisering av verdshandelen overgår kostnader og ulemper ved ein ny WTO-avtale, er motstanden mot ein avtale sterk.

Utfordrande landbruk
I boka argumenterer forfattarane for at handelspolitikken må bli forstått som ein blanding av både innanriks- og utanrikspolitikk. Samspelet mellom institusjonar og aktørar og deira idear og interesser, blir studerte for å få oversikt over korleis nasjonale posisjonar blir utforma og korleis desse verker inn på utviklinga internasjonalt.

Fordi landbruk er ei særleg utfordring i internasjonale handelsrelasjonar, blir mykje av merksemda retta mot dei vurderingane som blir gjort på dette området. I boka blir handelspolitikken i EU, India, Kina, Noreg og USA analysert.

I boka bidrar Oluf Langhelle, Arild Aurvåg Farsund og Hilmar Rommetvedt (alle frå IRIS og UiS), Amrita Narlikar (University of Cambridge), Carsten Daugbjerg (Australian National University/Universitetet i København), David Olson (University of North Carolina) og Ning Jung, Wang Gefei og Yao Lei (Business School at Beijing Institute of Fashion Technology).

Les meir om boka


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (28.04.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Bokomslag til ny bok om verdshandelen
DRØFTAR HANDELEN I VERDA: I ei ny bok frå UiS- og IRIS-forskarar blir forståinga av handelspolitikken diskutert. I boka blir også handelspolitikken i EU, India, Kina, Noreg og USA analysert.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER