Pil og boge-skyting på Jernaldergarden


Er du stø på handa? Ein populær aktivitet på Jernaldergarden er å skyte med pil og boge.

Pil og boge blir sett på som ei av dei viktigaste oppfinningane i historia. Den er enkel, stille og daudbringande.

I ei flatmarksgrav utafor Jernaldergarden er det funne fleire pilspissar. Arkeologar trur folk i yngre jernalder har jakta på mellom anna elg, rådyr, hjort og bjørn.

I Rogaland er det faktisk funnen kam laga av reinsdyrgevir frå folkevandringstid. Arkeologar antar at folk drog opp på viddene for å jakte på reinsdyr. Bogen på garden er ein kopi av ein jernalderboge.

Greier du å treffe blink? Du kan prøve deg med pil og boge kvar dag vi har opent. Dersom det ikkje blir arrangert pil og boge-skyting når du vitjar oss, kan du spørje ein vert om å demonstrere.

Andre aktivitetar du kan prøve deg på er å lage mel med dreiekvern, bake hellebrød, lage eld på jernaldervis, tautrekking, hesteskokasting og å spinne tråd.

Det er faste omvisingar kl. 12, 13 (engelsk) og 14. Velkommen!

Opent: Kvar sundag fram til 29. september kl. 11-16.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (22.08.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Husfrue Synne Jenseg (t.h.) viser korleis ein skyt med pil og boge. F.v.: Vivian Tornes, Serena Paci, Monica Kassetta og Salvo Di Lorenzo.
Husfrue Synne Jenseg (t.h.) viser korleis ein skyt med pil og boge. F.v.: Vivian Tornes, Serena Paci, Monica Kassetta og Salvo Di Lorenzo.
Serena Paci som held på med tautrekking.
På garden kan du drive med tautrekking. Biletet er av Serena Paci, som nyleg vitja garden.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER