Stavanger Forums formidlingspris til Anne Kalvig


Den profilerte religionsforskaren Anne Kalvig ved UiS er tildelt Stavanger Forums Formidlingspris for 2012.

Anne Kalvig er dr. philos og førsteamanuensis i religionsvitskap ved UiS. Prisen vart delt ut av direktør for Stavanger Forum, Cornelius Middelthon, fram for ein fullsatt Tjodhall under semesteropninga ved Universitetet i Stavanger (UiS) tysdag 13. august.

Allsidig formidling
I talen til prisvinnaren peikte Middelthon på Kalvig si evne og vilje til å ta del i ulike fora og nytte ulike kommunikasjonskanalar.

- Prisvinnaren har nådd eit bredt publikum og diskuterer like gjerne på doktordisputasar som i kulørt vekepresse. Det er viktig for årets prisvinnar å møte folk der dei er, sa han.

Kalvig er leiar for forskingsområdet Religion, kultur og globalisering ved UiS og arbeider i Nettverk for kjønnsforsking.  Ho er også med i ulike faglege redaksjonsråd, komitear og styre.

Mange tema
Anne Kalvig har publisert  fleire bøker. I 2012 ga ho ut boka «Åndeleg helse: Livssyn og menneskesyn hos alternative terapeuter».

Frå 2012 er Kalvig fast bidragsytar i Klassekampen og i Stavanger Aftenblad sine spalter om religion og livssyn. Her har ho skrive om alt frå religionsvitskapelege definisjonar, religion og terror og RLE-faget sine utfordringar.

Ho har også skrive om populærkultur og religion, ritualar og høgtider i vår tid, kropp, alternativ behandling og kritikk mot dette, døden som minne og grense og om spiritisme.

- Med sin vitskapelege kompetanse skapar prisvinnaren merksemd og stimulerer folk sin interesse og nysgjerrigheit for tema som ikkje så lett pregar den offentlege dagsordenen, poengterte Middelthon.

Ivrig debattant
Ho har også vore, og er, aktiv i mediedebattar om religion, mellom anna om døden, dommedag, nyreligiøsitet og englereligion.

Respekt for folk og deira evne til å tenkja sjølve er tydeleg i Kalvig si formidling, som ofte har maktkritiske og originale vinklingar. 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (13.08.2013)

Skriv ut artikkel print symbol