Aktivitetsløype for born


På Arkeologisk museum har vi eigen aktivitetsløype for born. I den løyser du oppgåver og leikar deg gjennom våre utstillingar.

Korleis laga dei eld i vikingtida? Og korleis laga dei kleda sine? I vår vikingkrok kan du prøve forskjellige aktivitetar som var ein del av dagleglivet i vikingtida.

I tillegg til vikingkroken bringar aktivitetsløypa deg gjennom vikingtidsutstillinga Utferd, frøutstillinga Gullkorn og basisutstillinga. Gjennom å følgje instruksjonane, vil du leggje merke til detaljar i utstillingane som ikkje alle får auge på.

Instruksjonane til aktivitetsløypa får du i resepsjonen. Når du er ferdig, får du ein liten premie.
 

Omvisingar om vikingtid
Om sumaren skjer det mykje på museet.

Sumarprogram fram til 18. august, gjeld kvar dag unntatt laurdagar:

Faste omvisingar i Utferd kl. 11, 12 (engelsk) og 13. Leik og idrett for born i museumshagen mellom kl. 11 og 15. Du kan gå til sverdkamp eller prøve kopiar av forhistoriske reiskapar. Vår tidsmaskin er også open mellom kl. 11 og 15. Den finn du i kjellaren på museet. Tidsmaskinen bringar deg til en steinaldarbuplass!

Opent: måndag-fredag 10-16, laurdag-sundag 11-16. Kafé og gåvebutikk.
 


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (13.08.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Amelie Clifton spinn tråd på handtein saman med pappa Guy Clifton.
Amelie Clifton spinn tråd på handtein saman med pappa Guy Clifton.
Brage Breivik fiskar frå vår stokkebåt.
Tidsmaskinen bringar deg til ein steinalderbuplass. Her fiskar Brage Breivik frå vår stokkebåt.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER