Student-gründerar i medvind


Studentane Renate Fossmark Pedersen og Sebastian Risbakken ved Universitetet i Stavanger har delteke på fleire forretningsidékonkurransar denne våren. Begge med stor suksess.

– Det gjeld å ha teft for dei gode ideane og gå for det du sjølv brenn for. Då kjem du langt, seier Renate Fossmark Pedersen. Ho er bachelorstudent i økonomi ved Handelshøgskulen ved UiS.

Både ho og Risbakken er aktive i Start UiS, ein studentorganisasjon som jobbar for å fremje nyskaping og gründerverksemd i det akademiske miljøet. Organisasjonen har om lag tjue medlemmer.

– Som gründer får du ikkje til så mykje åleine. Dersom du har nokon å spille ball med, vil det skape synergiar, seier Risbakken, som denne våren har gjort seg ferdig med ein mastergrad i industriell økonomi.

Han har fått eit stort nettverk og lært mykje på dei to åra han har vore medlem i Start UiS.

Til topps med app
Forretningsidékonkurransen Startup Weekend gjekk av stabelen i Stavanger i april. Heile 28 idear vart lagde fram for salen, sju av ideane vart videreutvikla av dei om lag sytti deltakarane.

Renate Fossmark Pedersen satsa på ideen om ein app som kunne kombinere sosiale medium og nyheiter. I løpet av helga utvikla gruppa hennar denne appen, som fekk namnet uBubble. Han baserer seg på Facebookinnstillingar og likar-klikk og veit kvar du er til ei kvar tid. Slik kan han fôra deg med meldingar om aktuelle arrangement og hendingar i nærleiken. Laget til Pedersen vann konkurransen.

Solcelle-kjøleboks
Startup Weekend gav tydelegvis meirsmak. Like etter deltok Pedersen på ein innovasjonskonferanse om sosialt entreprenørskap – Innovate4good – i regi av Microsoft i Stockholm. Her deltok åtti unge entreprenørar frå Norden. Heile 140 idear vart presenterte.

Åtte deltakarar gjekk saman om å lage ein kjøleboks driven av solcellepanel, og Pedersen var nok ein gong med på vinnarlaget. Laget kan få støtte frå Microsoft-nettverket til å gå vidare med ideen, som kan hjelpe småbønder og fiskarar i solrike område av verda med å ta betre vare på produkta dei sel på marknaden, og tene meir.

– Det som driv meg mest, er nok tanken på at alt er mogleg. Til og med dei sprøaste ideane kan ein satse på, ein må berre vere litt sprø sjølv òg. Ein må tore å hoppe ut i det og gje gass, seier Pedersen, som blir motivert av å hjelpe andre unge til å realisere ideane sine.

– Å vise andre kva for moglegheiter som finst, og gje rettleiing er ei drivkraft i seg sjølv. Men ikkje minst er miljøet og nettverket som eg har vorte ein del av, utruleg inspirerande og motiverande, held UiS-studenten fram.

Ny type sykkellås
Sebastian Risbakken vann den lokale finalen i Venture Cup med ein ny type sikring av syklar som raskt sporar opp sykkeltjuvar. Ideen til sykkellåsen Alert Lock vart sådd under eit kurs på gründerskulen til California- universitetet i Berkeley i fjor sommar. Risbakken deltok på kurset saman med andre norske studentar frå NTNU, UiT og UiA.

Sykkellåsen er utstyrt med alarm, smsvarsling og GPS. Låsen er kopla til mobilen din, som raskt kan spore opp kvar sykkeltjuven har teke vegen.

– Det blir stole mange syklar. Problemet vil berre auke i takt med vekst i organisert kriminalitet, og i takt med at stadig fleire kjøper seg sykkel. Derfor er det marknad for denne smarte sykkellåsen, fortel Risbakken.

Master i gründerverksemd
UiS-studentane i økonomi er tydeleg bitne av gründerbasillen. Risbakken er styremedlem i fleire oppstartsverksemder.

– Det som driv meg, er skapargleda. Eg synest det er svært givande og lærerikt å arbeide saman med andre dyktige folk og veksle erfaringar. Eg trivst med å ha fleire jern i elden, seier den unge gründeren.

Denne våren har han fullført ein master i industriell økonomi om gründerverksemd. I masteren har han blant anna samanlikna gründermiljø i Stavanger og USA. Han har funne ut at ein har eit stykke å gå i Noreg når det gjeld gründermiljø, særleg om ein samanliknar seg med Silicon Valley i California.

– Der er dei opne og omgjengelege, og dei delar ideane sine. Her i Noreg er vi lite opne, og jantelova gjer at ein heller ikkje vil stikke seg fram og ta sjansar. Det må ein skal ein gjere det godt som gründer, seier Risbakken, som er ferdigutdanna sivilingeniør denne våren.

Saken er henta frå Univers nr. 1 2013

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Silje Stangeland (27.06.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Sebastian Risbakken og Renate Fossmark Pedersen
ENGASJERTE: Som medlemmar i studentorganisasjonen Start UiS har Sebastian Risbakken og Renate Fossmark Pedersen lært mykje. Det som driv dei er godt samspel med andre og at alt er mogleg.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER