Føredrag om resultat frå utgravingane på Hove og Sørbø


Tysdag 23. april kl. 12.15 held arkeolog Even Bjørdal føredraget «Sentralgard og høvdingsete på Hove i eldre jernalder? Resultat frå utgravingane på gardane Hove og Sørbø i Sandnes 2011-12» på seminarrommet på Arkeologisk museum.

I løpet av 1800-talet kom det for dagen rike gravfunn frå Hove gard i Sandnes. Gullringar og importerte prestisjevarer frå 200-300-talet e. Kr. fortalde om makt og høgstatus her på høgdedraget aust om Ganddalen i eldre jernalder. I 1997 skreiv arkeolog Bjørn Myhre ein samanfattande artikkel om Hove og nærområdet, der han på bakgrunn av dei uvanlege og flotte funna herifrå, føreslo at Hove hadde vore tilhaldstad for ei høvdingætt med økonomisk og religiøs kontroll over lokalsamfunnet og med eit vidt kontaktnettverk både regionalt og i Skandinavia. Dei arkeologiske utgravingane på gardane Hove og Sørbø i feltsesongane 2011 og 2012, har avdekka tusenvis av spor etter busetnad i løpet av jernalderen. I alt er det påvist restar frå ca 70 små og store hus, frå skur til langhus på over 60 meters lengde. Dei avdekka busetnadsspora og gravene høver godt med biletet av Hove som ein uvanleg gard, med funksjonar knytt til både jordbruk, handverksproduksjon og handel.

Velkomen til seminar!


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (22.04.2013)

Skriv ut artikkel print symbol