Solceller for Sri Lanka


Desse studentane har ei bachelor-oppgåve av den uvanlege sorten: Dei skal konstruera eit motorisert solcellepanel og sende det til eit universitet på Sri Lanka.

Roger Aakvik, Victoria Rasmussen og Åshild Skjerahaug har ei spennande bacheloroppgåve. Foto: Leiv Gunnar Lie

– Det er kjekt å vere med og bidra. At nokon vil kunne bruke det du lagar gir ekstra inspirasjon på studiet, seier Åshild Skjerahaug. Ho går siste året på maskiningeniørstudiet ved UiS.

– Det er også fint at vi lagar noko som er fornybart og berekraftig. Alt treng ikkje handla om olje og gass, seier Victoria Rasmussen.

Undervisning på Sri Lanka
Saman med Roger Aakvik er dei i full gang med arbeidet. Til sommaren vert konstruksjonen sendt til universitetet i Moratuwa på Sri Lanka, saman med ein vindturbin som nokre andre studentar er i ferd med å lage.

Universitetet i Moratuwa skal montere utstyret og bruke det i undervisninga av studentar. Målet er å fortsetje samarbeidet og utvide det i årene som kommer.

– Studentane må tenkje på tre ting når dei byggjer konstruksjonane sine: pris, yteevne og kommersialisering, seier rettleiar Yaaseen Amith, som også let studentane få kurs i entreprenørskap som ledd i arbeidet.

Praktisk fordel
Studentane har ikkje berre idealistiske motiv for å velje denne oppgåva. Dei får også mykje igjen for det sjølve.

– Utdanninga har vore teoretisk fram til no, så det blir veldig artig å gjera noko fysisk. Og vi må byggje panelet sjølve, frå botn av. Det vil også vere ein fordel å ha gjort noko praktisk i løpet av studiet når vi etterpå skal ut i arbeidslivet, seier Skjerahaug.

Det siste kan Amith ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi skriva under på. I hans kontakt med næringslivet har han fått klar melding om at studentar som har hatt praksis stiller sterkare når dei søker jobb.

Lego og tråbil
Dette semesteret har Amith fire slike bachelorprosjekt gåande, med 14 studentar til saman. I tillegg til dei to Sri Lanka-prosjekta skal ei gruppe studentar byggje ein sorteringsmaskin for konfektsjokoladar i Lego og ei skal konstruere ein elektrisk tråbil.

I tråbil-prosjektet skal studentar frå to ulike studieretningar samarbeide. Maskiningeniørane byggjer konstruksjonen, mens elektro/data-ingeniørar tek seg av elektronikken.

Sri Lanka-prosjektet inneheld fleire av UiS sine satsingsområde: Problembasert læring, samarbeid med andre institusjonar og internasjonalisering.

Les også: Studentprosjekter i vinden


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.04.2013)

Skriv ut artikkel print symbol