Kva skil gode elevtekstar frå middels gode?


Sidsel M. Skjelten ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger har disputert ved Universitetet i Oslo. Skjelten har undersøkt skrivekompetanse i norsk ved avslutta grunnskole.

Det har ho gjort ved å analysera kvalitetsforskjellar mellom gode og middels gode tekstar frå eksamen i 10. klasse. Skjelten har utforska grenseoppgangen mellom karakterane 4 og 5 for å fange opp kvalitetsforskjellar mellom dei to karakternivåa.
 

Vurderingsskjema
Avhandlinga har tittelen «Jakta på kvalitetsforskjellar i elevane sine tekstar. Kva skil gode tekstar frå middels gode?»

Materialet er henta frå det nasjonale KAL-korpuset (Kvalitetssikring av læringsutbyttet i norsk skriftleg) som består av elevtekstar skrivne til avgangsprøva i norsk hovudmål i åra 1998, 1999, 2000 og 2001.

Det gir tilgang på elevtekstar i ulike kvalitetskategoriar, i tillegg til utfylte vurderingsskjema frå sensorane.

Teksttolkande
Studien er kvalitativ og teksttolkande, der det handlar om å tolke meining i to ulike typar tekstar; utfylte vurderingsskjema og elevtekstar. Det unike med materialet er at kvar elevtekst er vurdert av tre sensorar i tillegg til dei to ordinære.

Skjelten har funne at tekststruktur, truverd, engasjement og rettskriving utgjer kvalitetsforskjellar mellom dei to karakternivåa. 

Viktig verktøy
Prosjektets bidrag kan knytast til skulekonteksten der vurderingskriterium utgjer eit viktig pedagogisk verktøy i arbeid med elevanes skriveutvikling, og til forskingsfelt som er opptekne av elevanes læringsutbytte, tekstkompetanse og kriterieproblematikk.

Arbeidet er utført ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo. Universitetet i Stavanger har vore arbeidsstad under heile forskingsprosessen.
 


Sist oppdatert av Elin Nyberg (22.03.2013)

Skriv ut artikkel print symbol