Stipend til Hildegunn Fandrem


Førsteamanuensis ved Læringsmiljøsenteret, Hildegunn Fandrem, er tildelt «Excellent grant of Upper Austrian Government». Stipendet dekker reise til, og eit tidagars forskingsopphald, i Austerrike.

Stipendet er finansiert av den austerriske regjeringa for å bringe gode forskarar til landet. Fandrem har tidligare samarbeida med professor Dagmar Strohmeier ved University of Applied Sciences Upper Austria, og det er Strohmeier som har søkt om midlar til å få samarbeidspartnaren sin til Austerriket. Strohmeier er leiar for ei forskingsplattforma på område interkulturell kompetanse og uttalar at ho reknar Fandrem som ein ekspert på migrasjonsforsking, og at Fandrems forskingsområde passar perfekt med måla til plattforma.

Fandrem skreiv doktorgrada si om innvandrarungdom og mobbing. Eit av hovudfunna var at innvandrarungdom ser ut til å ha andre motiv for å mobba enn dei etnisk norske ungdomane. (Les meir om doktorgrada her)

Mobbing blant innvandrarungdom
Strohmeier var involvert i doktorgradsarbeidet, og dei to har halde fram samarbeidet. I desember reiser Fandrem til Austerrike for å arbeida vidare med temaet mobbing og vennerelasjonar blant innvandrarungdom. Saman med Strohmeier skal ho sjå på grupperelasjonar.
- Dette er ein kjempemuligheit. Dagmar har alt samla inn data som kan gi svar på spørsmål me har stilt oss, som ein vidareføring av doktorgradsarbeidet mitt. Dagmar har i tillegg funne dei same forskjellane i Austerriket som me har funne i Norge, når det gjeld kva mobbing heng saman med for ungdomskulegutar med og utan innvandrarbakgrunn. Sjølv om situasjonen i Austerriket er forskjellig med hendhald til for eksempel innvandringspolitikk, innvandringshistorie og kva slags nasjonalitet dei største innvandrargruppene representerer, er det altså nokon psykologiske mekanismar som er dei same på tvers av landa. Det betyr at noko av det me vidare finn ut om grupperelasjonar hos innvandrarungdom i Austerriket også med stor sannsyn kan overførast til norske forhold, seier Fandrem.

Stipend til samarbeidspartnar
Kvart år kan forskarane ved University of Applied Sciences Upper Austria søke om stipend til sine samarbeidspartnarar. I 2013 er altså Fandrem den utvalde.   
- Det er flott at universitet har slike midlar som dei delar ut. Føresetnaden er at forskarane har samarbeida tidlegare, seier ho.
Målet med opphaldet i desember er å skrive ein artikkel, men samarbeidet startar mykje tidlegare.
- Planen er å treffast på ein konferanse i Sveits i september. Forutan å delta saman på eit symposium der vil me drøfte nokre idear og starte prosessen med ein ny artikkelen, seier Fandrem.

Professor Dagmar Strohmeier er ein anerkjent forskar som blant anna har forska på barn og unge som vert mobba på grunn av sin etniske bakgrunn. Hennar forsking omfattar utviklings- og metodiske problemstillingar. Hun har gjennomført ei rekke studiar på sosial inkludering og mental helse blant ungdom, samt program for å fremme sosial- og interkulturell kompetanse i skulen. Ho har og arbeida med førebygging av vald blant barn og unge.
- Det er inspirerande å arbeide med forskarar som er opptatt av og arbeidar med akkurat dei same problemstillingane som eg er opptatt av. Me er veldig samkjørte og kjem heilt sikkert til å samarbeida etter 2013 og, seier Fandrem.

Fandrem og Strohmeier har skrive fleire artiklar saman. Artikkelen der Norge og Austerriket blir samanlikna i ein og same artikkel er denne: 
Strohmeier, D., Fandrem, H., & Spiel, C. (2012). The need for peer acceptance and affiliation as underlying motive for aggressive behavior and bullying others among immigrant youth in Austrian and Norway. Anales de Psicología , 28 (3), s. 695-704.


Sist oppdatert av Marit Oddvarsdotter Øvregård (16.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde av Hildegunn Fandrem.
Førsteamanuensis Hildegunn Fandrem ved Læringsmiljøsenteret er tildelt «Excellent grant of Upper Austrian Government».
Bilde av to smilende kvinner med solbriller.
Hildegunn Fandrem og Dagmar Strohmeier har samarbeida mykje tidlegare. I samband med SAF-konfransen i 2012 var Strohmeier i Stavanger.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER