Nytt nummer av UniverS


Forsking handlar om å stille spørsmål og søke å finne svar. Derfor stiller vi spørsmål i kvar einaste artikkel i det siste nummeret av UniverS i 2008.

Korleis blir vi kreative på jobben? Korleis kan ein liten dings redde hjartet? Kva skjer når ein får nytt morsmål? Kva slags sjefar får ned sjukefråværet? Kvifor les vi dårlegare på skjerm? Dette er nokre av spørsmåla som vert stilte.

I dette nummeret kan du òg lese eit portrett av postdoktor Eva Jakobsson som har vind i segla for tida. Ho skal til neste år delta i eit gildt forskingsprosjekt ved Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. I tillegg kan du lese ein artikkel om kva som fekk våre forfedrar til å drepe barna sine. Grethe Lillehammer ved Arkeologisk museum i Stavanger forskar nemleg på barn i fortidas samfunn.

UniverS har denne gongen òg eit viktig bodskap til politikarane: Universitetsdirektør Per Ramvi tek til orde for meir tydeleg politisk vilje når det gjeld framtida til dei to unge universiteta som treng ekstra midlar for å kunne utnytte potensiale sitt til fulle.

Denne utgåva byr også på artiklar om korleis vitskapen kan finne ein formel for formtoppen, om korleis lærarpraksisen kan betrast, og om korleis bygder dyrkar fortida si. Samt mykje meir. God lesing!

Les siste nummer av UniverS

Meir informasjon:
Tidlegare utgåver av UniverS


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (08.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol