Frå boge til bygg


Frå 13 til 15, sundag 24. februar, held Paula Utigard Sandvik føredraget «Frå boge til bygg» på Arkeologisk museum. Ho tar føre seg korleis framveksten av jordbrukssamfunnet bringar med seg endringar i landskap og i levevis. Kl 12 byr vi som vanleg på familietilbodet Tidsreisa!

Botanikar Paula Utigard Sandvik fortel om korleis jordbruket medførte ei omforming av skogkledde landskap til lysopne åkrar, og om eit skifte i levevis i høve til tidlegare. Menneska måtte bli fastbuande!  Åkeren måtte ryddast, såast og passast på gjennom heile vekstsesongen slik at ikkje avlinga vart øydelagt før ein kunne hauste - kvart år. Teknologien vart utvikla i takt med endringane og tilgangen på ressursar fordi ein trong nye typar reiskap og anna utstyr både til dyrkinga og til tillaginga av kornet til mat. Samstundes tok ein med seg jakta og fisket som danna næringsøkonomien i «det gamle» livet inn i det nye.

Kvar sundag kl. 12 kan du bli med på omvisninga Tidsreisa – ei vandring gjennom forhistoria med ulike aktiviteter.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (21.02.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Illustrasjonsfoto av opent landskap med trær i bakgrunnen.
Då jordbrukssamfunnet vaks fram, vart skoger hogd ned og landskapet forandra seg. Illustrasjonsfoto. Foto: Monika Serafinska
Paula U. Sandvik
Då menneska byrja å dyrke, måtte dei bli fastbuande. I sitt føredrag tar Paula U. Sandvik opp korleis innføringa av jordbruket påvirka livet til folk.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER